Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 07-01-2025
Fysioterapeut
Me søker:
100% fast stilling som kommunal fysioterapeut. Ledig frå 01.03.25.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Fysioterapi for vaksne og eldre
- Behandling av pasientar på omsorgssenter
- Heimebehandling/rehabilitering i heimen
- Heimevurderingar
- Kartlegging, observasjon og rådgiving
- Palliativ behandling
- Skulehelseteneste
- Friskliv
- Gruppetrening
- Hjelpemiddelformidling
- Tverrfagleg samarbeid med andre kommunale og private instandser
Kvalifikasjonar
- Offentlig godkjend fysioterapeut
- Erfaring frå kommunehelsetenesta og kommunal drift er ein fordel
- Det er ynskjeleg med erfaring innanfor skulehelseteneste/barnefysioterapi, friskliv, rehabilitering, hjelpemiddelformidling og gruppetrening
Personlege eigenskapar
- Du må vere engasjert, med god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
-
Me vektlegg gode evner til å kommunisere og danne relasjonar med pasientar, pårørande og tverrfaglege samarbeidspartnarar i heile forløpet
-
Du må ha evnen til å jobbe sjølvstendig og strukturert, men du er og ein del av eit team. Du må heller ikkje vere redd for å ta ei utfordring!
-
Me vektlegg at du har evnen til å ta ansvar, vere fleksibel og løyningsorientert, og bidra til å utvikle og effektivisere tenestetilbodet i fysio- og ergoterapiavdelinga
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO