Fysioterapeut/ spesialfysioterapeut – 1 års vikariat – Aukra kommune Helse

Health and social care Fysioterapeut

(3 weeks ago)

  • AUKRA
  •  Post Date: 3. September 2024
  •  Expire date: 25. September 2024
Job Description

Published 03-09-2024
Deadline: 25-09-2024

 

Fysioterapeut/ spesialfysioterapeut – 1 års vikariat

Fysioterapeut/spesialfysioterapeut

Vi har ledig 100% vikariat som fysioterapeut/spesialfysioterapeut. Tiltreding frå 25.11.24 (evt. etter avtale) med varigheit til 01.11.25. Det kan bli høve til forlenging. Stillinga er organisert i fysio- og ergoterapitenesta under eining Helse.

Om eininga/avdelinga

Fysio- og ergoterapitenesta har kontorplass på Helsesenteret på Falkhytten saman med legekontor og helsestasjon. Mange av oppgåvene blir utført utanom kontorstad, til dømes i barnehage, skule, på institusjon og i heimen.  Du vil jobbe med eit bredt spekter av spennande saker saman med dyktige fagpersonar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Førebyggande og helsefremmande arbeid for barn, unge, vaksne og eldre
  • Kartlegging, oppfølging og behandling av barn, unge, vaksne og eldre
  • Rehabilitering og habilitering
  • Ansvar for behandlingsgrupper
  • Kvardagsrehabilitering i samarbeid med ergoterapeut og heimetenesta
  • Rettleiing og samarbeid med pasient, pårørande og fagpersonar
  • Tverrfagleg samarbeid, deltaking i ansvarsgrupper og IP-arbeid
  • Delta i fag- og tenesteutvikling

 Kvalifikasjonar

Vi søker fysioterapeut med relevant og oppdatert kunnskap, og norsk autorisasjon.

Vi søker deg som:

  • Tar initiativ og har evne til å sjå løysingar
  • Er fleksibel
  • Er fagleg engasjert
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Har gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner
  • Har god erfaring med digitale verktøy
  • Søkar må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil

Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode.
  • Dyktige medarbeidarar, og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for fagleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.

 Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

 Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

 Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.

Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen “Send søknad” 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.

Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: kommunedirektør, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 9 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted AUKRA (Adresse: Aukraringen 17 Postnr: 6480)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c16d56de-908c-47f3-aff4-2bc964bc783c
IMPORTAPI