Fysioterapeut 80 % driftstilskott – Vang Kommune, Helseavdelinga

Health and social care Fysioterapeut

(17 hours ago)

  • VANG I VALDRES
  •  Post Date: 3. October 2024
  •  Expire date: 20. October 2024
Job Description

Published 03-10-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

80 % driftstilskudd for fysioterapeut ledig i Vang kommune frå 1.1.2025

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet som avtalefysioterapeut omfattar undersøkelsar, behandling og rehabilitering, rettleiing og opplæring. 
  • Pasientgruppa er mangfoldig, og som fysioterapeut ved Vang Fysikalske Institutt er det forventa at du behandlar alle typar pasientar.
  • Verksemda skal utøvast i tett samarbeid med kommunal fysioterapeut, andre kommunale tenestar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. 
  • Avtalefysioterapeut har  kommunale oppgåver.
  • Ved behov skal fysioterapi tilbys i brukers hjem/på brukers arena.
  • Det forventes også deltakelse i videreutviklinga av gode fysioterapitenestar for befolkninga i tråd med framtidig behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Relevant erfaring og relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå kommunefysioterapi, spesielt frå arbeid med born og unge er eit føremonn
  • God norsk skriftleg og muntleg formidlingsevne
  • Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetjing, jfr. Lov om helsepersonell §20a.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som

  • Har engasjement for faget og evne til å bygge relasjonar med brukarar og kolleger
  • Er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert og med god gjennomføringsevne
  • Meistrar å prioritere og omfordele arbeidsoppgåver
  • Kan samarbeide og jobbe tverrfagleg

Me vektlegg personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar
  • Det ligg godt til rette for tverrfagleg samarbeid, då Vang fysikalske institutt er samlokalisert med ergoterapitenesta, frisklivssentral, legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste.
  • Me tilbyr gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt.  Det er to andre fysioterapeutar ved instituttet.
  • Driftsavtala regulerast av den til eikvar tid gjeldande ASA 4313

Kva får du ved å flytte til Vang?  Sjå Vangsfilmen: https://www.youtube.com/watch?v=wZkS7o1mtBU

Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad, men sjekk også ut: https://www.vangivaldres.no/arbeid-og-bustad/bustader-og-tomter

 

Kontaktinformasjon

Seija Johanna Kumpula, Leiar for helseavdeling, 97743775, Seija.Johanna.Kumpula@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5151
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4840144378
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang Kommune, Helseavdelinga orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 
Webside http://www.vang.kommune.no/tenester/helse-og-omsorg/
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5151 Postnr: 2975)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4eebc288-1a36-4d3c-a5b0-509f85c97650
IMPORTAPI