Job Description

Published 27-06-2024
Deadline: 04-08-2024

 

Fysio- og ergoterapitenesta i Sunnfjord kommune har ledige stillingar

Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.

Vi har og 7 driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale yter fysioterapi som ein del av kommunen sitt totale fysioterapitilbod og helseteneste. Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar.

Vi har følgande ledge stillingar:

  • 100 % fast stilling som fysioterapeut i Førde

Arbeidsoppgåver for alle stillingane er mellom anna:

  • Behandling og rehabilitering av i hovudsak vaksne og eldre pasientar
  • Poliklinisk oppfølging av vaksne og eldre pasientar
  • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • Hjelpemiddelarbeid
  • Vere instruktør i treningsgruppe
  • Oppfølging av korttidsavdeling med 15 korttidsplassar ved Førde omsorgssenter
  • Deltaking i kvardagsrehabiliteringsteam

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande nivå B2 eller betre
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • Har god arbeidskapasitet, og evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange og varierte arbeidsoppgåver
  • Kan arbeide strukturert og sjølvstendig, og planlegge eigen arbeidskvardag på ein god måte
  • Har god kjennskap til bruk av IT-verktøy, i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma Patientsky og CosDoc

Faglege kvalifikasjonar, vidareutdanning og kurs med relevant fagkompetanse vert lagt vekt på. Kommunal arbeidserfaring vil telle positivt, men nyutdanna vert også oppmoda om å søke

Du må levere politiattest før start i stillinga.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Fysioterapeut
Sted Førde (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04751f75-5cf8-4e18-a55f-9c69b77a0232
IMPORTAPI