Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Fyrstekonsulent sivil rettspleie og forvaltning

Sør-Vest politidistrikt har ledig stilling som fyrstekonsulent på seksjon for sivil rettspleie og forvaltning. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatta 1. linehandsaming av søknadar om pass og nasjonalt ID-kort, hittegods, forkynningar, post, sentralbord og våpenforvaltning. Tiltreding etter avtale. Stillinga er for tida plassert i driftseining Stord. Arbeidsstad vil vere på Stord politistasjon. 

Seksjon sivil rettspleie og forvaltning på Stord består av 7 medarbeidarar. Seksjonen har ansvar for drift av passkontor og andre forvaltningsoppgåver som hittegods, våpenforvaltning og vandelsuttalar i høve alkohollova og serveringslova. Seksjonen har og ansvaret for oppgåvene som ligg til Namsmannen. Oppgåvene til namsmannen omtalast som den sivile rettspleien og omfattar tvangsfullbyrding av pengekrav, fråvikingar, innkreving av bilar, gjeldsordning, forliksråd og forkynningar.

Me søkjer ein engasjert, strukturert og effektiv medarbeidar som vil bidra til god kvalitet i sakshandsaminga.

Arbeidsoppgåver

  • 1. linehandsaming av søknadar om pass og nasjonalt id-kort. Det må påreknast nokre langdagar og/eller laurdagsope i passkiosk. 
  • Rettleie publikum ved oppmøte eller telefon.
  • Dagsoppgjer/kassaoppgjer.
  • Fokus på førebygging gjennom forvaltning.
  • Bistå i rullering av sentralbord, postmottak og registrering av brev.
  • Bistå med våpenforvaltning, forkynningar og handsaming av hittegods. Ansvar for nokre av desse faga kan verta lagt til stillinga.
  • Bistå med andre relevante arbeidsoppgåver på seksjonen ved behov, både forvaltningsoppgåver og oppgåver innan den sivile rettspleien for Namsmannen.

Kvalifikasjonar

Naudsynte:

  • Bachelorgrad innan juss, økonomi eller tilsvarande.
  • Lang, relevant erfaring kan i nokre tilfeller kompensera for utdanningskrav.
  • Erfaring fra publikums-/ kundehandsaming.
  • Gode norsk og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftlig.
  • Relevant erfaring med og kunnskap om dataverkty.
  • Det vert krevd økonomisk vedheftighet.

Ynskjelege:

  • Kunnskap om identitets- og dokumentkontroll.
  • Kunnskap om regelverket.
  • Kjennskap til politiet sina datasystem.
  • Erfaring frå arbeid innan den sivile rettspleien.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming.

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlige eigenskapar

  •  Gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
  •  Ansvarleg og påliteleg.
  •  Evne til å arbeida effektivt, nøyaktig og løysingsorientert.
  •  Imøtekomande og tillitsskapande.

Som medarbeidar i politiet har du høg grad av etisk bevissthet, du kjenneteiknast av å vera modig og heilskapsorientert, du visar respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningsliner og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Me tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politiet for framtida.
  • Stillinga vert løna som sko 1408 fyrstekonsulent, frå  kr 509.300,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no).
  • Gode arbeidsvilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø og ein hektisk arbeidskvardag.

Politiet meinar at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me tilretteleggja for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verta vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsejing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar i sine årsrapportar.

Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.   

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du verta varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Evy Helland, Seksjonssjef, 52 86 53 54, evy.helland@politiet.no

Arbeidssted

Vabakkjen
5414 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sør-Vest politidistrikt

Referansenr.: 4891271807
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver GDE5-Stord Sek. sivil/forvaltning, Sør-Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sør-Vest politidistrikt har om lag 520.000 innbyggjarar fordelt på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekkjer seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunane Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur som gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv.

Politidistriktet har om lag 1200 tilsette og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytt til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for behandling av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg leiar for Hovudredningssentralen for Sør-Noreg.

Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på.

Hovudmålsettinga for distriktet er å møte publikum sine behov for tryggleik, lov og orden.

Stord politistasjonsdistrikt omfattar kommunane Stord, Bømlo og Fitjar. Politistasjonsdistriktet har per i dag 41 tilsette. Driftsenheita har hovudsete i Leirvik på Stord, som er regionssenter i Sunnhordland. Høgskulen på Vestlandet har eit variert utdanningstilbod og området kan by på eit variert fritidstilbod. Det er direkte båt til Bergen og bussamband til Stavanger og Bergen. Stord lufthamn har flyavgangar til/frå Oslo. Polititenesta gir tryggleik til om lag 35.000 innbyggjarar

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Personal, arbeidsmiljø og rekruttering
Sted STORD (Adresse: Vabakkjen Postnr: 5414)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/105bcf25-0198-46f3-89df-5a0fc6e39014
IMPORTAPI