Funksjonsleiar – TSB poliklinikk – Haugaland DPS
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(19 hours ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 21-11-2024
Funksjonsleiar – TSB poliklinikk
Me ser etter deg med hjarte for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), og som ynskjer å leie utviklinga av vår poliklinikk.
Funksjonsleiar i TSB poliklinikken inngår i eit større leiarteam saman med leiarar for allmennpsykiatrisk poliklinikk, psykosepoliklinikk, TSB poliklinikk, TSB døgnavdeling og 3 døgnavdelingar innanfor psykisk helsevern, samt merkantil-/renholdområdet.
TSB poliklinikken er ein tverrfagleg poliklinikk med lege, psykologspesialist, sosionomar og sjukepleiarar. Poliklinikken har ansvar for utgreiing og behandling av personar med psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit frå 16 år og opp. Arbeidet inneber individuell utgreiing og behandling, målretta og langvarig samarbeid med kommunale instansar og andre deler av spesialisthelsetenesta.
Poliklinikken dekkjer eit stort område, og har lokasjonar både på Karmøy og i Haugesund.
No vil me gjerne ha ein ny leiarkollega med på laget, og oppfordrar deg til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarleg for fagleg utvikling i tråd med nasjonalfaglege retningslinjer
- Bidra til kvalitet og pasientsikkerhet
- Planlegg kompetanseutvikling og internundervisning i både fag og HMS
- Følgje opp nettverkssamarbeid med kommune-/ og spesialisthelseteneste
- Opprettheld partssamarbeid med tillitsvalgtapparat og verneteneste
- Styre drifta innafor vedtatte budsjettrammer
- Ansvar for rekruttering, bemanning og dagleg drift
- Delta i klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege/psykolog
- Helse-/ og sosialfagleg høgskuleutdanna
- Vidareutdanning innan fagområdet er ein fordel
- Leiarerfaring får området rus-/psykisk helse er ein fordel
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Sertifikat
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er god til heilskapleg og strategisk tenkning
- har sterke samarbeidsegenskapar
- kommuniserer tydeleg
- har evne til å prioritera i ein kvardag med varierte problemstillingar
- er strukturert
- har god gjennomføringsevne, men er ydmyk i ditt arbeid
- er ein lojal og trygg leiar/kollega
- har interesse for fag og kvalitetsforbetring
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagd
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Individuell vurdering for spesielt kvalifiserte søkjerar.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Deltaking i Helse Fonna sitt funksjonsleiarprogram
- Helse Fonna har eiga godt etablert forskingsavdeling og det blir lagt til rette for forskning.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ingrid Camilla Aasbøe Heggland, Avdelingsleiar, +47 95767168
Arbeidsstad
Floravegen 75
5535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4881466714
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Haugaland DPS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Floravegen 75 Postnr: 5535) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-11-2024 |