Funksjonsleiar Prehospital avdeling – AMK Haugesund sjukehus Helse Fonna
Security and readiness Brann-, utryknings- og redningspersonell(2 weeks ago)
Job Description
Published 15-01-2025
Deadline: 03-02-2025
Funksjonsleiar Prehospital avdeling
Helse Fonna har no ei spanande, fast stilling ledig som funksjonsleiar ved AMK-sentralen i Haugesund.
AMK-sentralen er ein viktig del av Klinikk for medisinske tenester og beredskap.
Vi leitar etter ein initiativrik og engasjert leiar som er flink til å byggje gode relasjonar og fremje godt samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evna til å skape entusiasme og motivasjon, og drive fram ein forbetringskultur der nytenking, endring og omstilling står i fokus. Vi ønskjer ein leiar som inspirerer til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring.
AMK-sentralen i Haugesund er ansvarleg for 113-tenesta for om lag 180 000 innbyggarar. Vi dekker 16 kommunar i regionane Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. I dette området finn du fire sjukehus: Haugesund, Odda, Stord og Valen.
Som funksjonsleiar vil du rapportere til avdelingsleiar og vere ein del av avdelingsleiaren si leiargruppe. Dette er ei unik moglegheit til å ta ein nøkkelrolle i ei viktig samfunnsoppgåve – vil du vere med på laget?
Søk no og bli ein del av Helse Fonna sitt engasjerte team!
Arbeidsoppgåver
- Fremje gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og sikre at samarbeid med tillitsvalde og verneombod er i tråd med retningslinjer, lov og avtaleverk.
- Ansvar for den daglege drifta av AMK sentralen.
- Bistå i rekruttering og vidareutvikling av personalet i eininga.
- HMS arbeid som favnar Helse Fonnas retningslinjer.
- Inspirere og bidra til eit godt arbeidsmiljø i eininga.
- Heilskapleg ansvar for drift, personal, HMS og kvalitet i eigen eining.
- Planlegging og gjennomføring av dei mål, tiltak og endringar som til kvar tid føreligg.
- Utarbeide års- og driftsplan for eigen eining basert på avdelingens årsplan.
- Ivareta ansvaret som kulturberar i tråd med ønskja kultur i eininga og ut mot samarbeidspartnare.
Kvalifikasjonar
- Leiarutdanning. Manglande leiarutdanning kan fråvikast dersom søkjar tar lederutdanning etter avtale med avdelingsleiar.
- Relevant helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing.
- Ynskjeleg med erfaring innan økonomistyring.
- Ynskjeleg med god IKT-kompetanse.
- Like utviklingsarbeid og endring.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagt.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du er:
- ein resultatorientert leiar med ein innovativ, open og løysingsorientert haldning.
- ein person med høg grad av lojalitet, kvalitetsbevisst og etterretteleg.
- god på å leie og byggje team.
- omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging.
- god på rolleforståing, lojalitet til formelle beslutningsprosessar.
- flink til å arbeide sjølvstendig og i team.
- god til å fremje utvikling og skape kultur for kontinuerleg forbetring.
Vi tilbyr
- Gode mogelegheiter for å utvikle deg som leiar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Ein arbeidsplass som fremjar inkludering og tilrettelegging som IA-bedrift.
Kontaktinformasjon
Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, +47 91560352
Arbeidsstad
Karmsundsgaten 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4903988288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | AMK Haugesund sjukehus Helse Fonna orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Brann-, utryknings- og redningspersonell |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundsgaten 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-02-2025 |