Job Description

Published 13-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Funksjonsleiar ambulansetenesta 

Helse Fonna har ledig fast stilling som funksjonsleiar ved Geografisk driftseining 3 (GDE). Det inneber ansvar for ambulansestasjonane i Vindafjord, Suldal og Sauda. Driftseininga ligg under Klinikk for medisinske tjenester og beredskap. 

Ambulansedrifta i Helse Fonna vil frå nyttår vera inndelt i fire geografiske driftseiningar, der funksjonsleiarane for dei ulike einingane, saman skal drifta for å sikra lik utvikling av tenesta på tvers av einingar. Vi søkjer difor ein initiativrik leiar, som evner å bygge gode relasjonar og godt samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling..

Det finst 10 ambulansestasjonar i Helse Fonna. Ansatte på ambulansestasjonane er fordelte under fire funksjonsleiarar. Det er ca.140 faste medarbeidarar knytt til ambulansestasjonane, i tillegg til vikarar og lærlingar.

Funksjonsleiar rapporterer til avdelingsleiar og inngår i avdelingsleiar si leiargruppa.

Arbeidsstad er i Vindafjord, Suldal og Sauda. Ein del reiseverksemd må påreknast.

Arbeidsoppgåver

  • Fremje gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og sikre at samarbeid med tillitsvalde og verneombod er i tråd med retningslinjer, lov og avtaleverk. 
  • Ansvar for den daglege drifta av ambulansestasjonene. 
  • Bistå i rekruttering og vidareutvikling av personalet i eininga. 
  • HMS arbeid som favnar Helse Fonnas retningslinjer. 
  • Inspirere og bidra til eit godt arbeidsmiljø i eininga. 
  • Planlegging og gjennomføring av dei mål, tiltak og endringar som til kvar tid føreligg. 
  • Utarbeide års- og driftsplan for eigen eining basert på avdelingens årsplan.
  • Ivareta ansvaret som kulturberar i tråd med ønskja kultur i eininga og ut mot samarbeidspartnare.

Kvalifikasjonar

  • Leiarutdanning. Manglande leiarutdanning kan fråvikast dersom søkjar tar lederutdanning etter avtale med avdelingsleiar.  
  • Relevant helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon.  
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing.  
  • Erfaring med økonomistyring.  
  • Ynskjeleg med god IKT-kompetanse.  
  • Like utviklingsarbeid og endring. 
  • Vere kjend med bruken av ulike system i føretaket HF.  

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert leiar med ein innovativ, open og løysingsorientert haldning.
  • Høg grad av lojalitet, kvalitetsbevisst og etterretteleg.
  • Du likar å leie og byggje team.
  • Er omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging. 
  • God rolleforståing, lojalitet til formelle beslutningsprosessar. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. 
  • Evne til å fremje utvikling og skape kultur for kontinuerleg forbetring. 
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagt.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode mogelegheiter for å utvikle deg som leiar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Svein Oddvar Moen, Avdelingsleiar, +47 52808650

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4885322479
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Geografisk driftseining 3, Vindafjord, Suldal og Sauda. Ambulanse avdeling, AMK og pasientreiser orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a7bc798-f210-4411-a752-a28edac1d537
IMPORTAPI