Funksjonsleiar ambulansetenesta – Geografisk driftseining 2, Odda og Kvinnherad
Industri og produksjon Maskinteknikk og mekanikk(1 day ago)
Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Funksjonsleiar ambulansetenesta
Helse Fonna har ledig fast stilling som funksjonsleiar ved Geografisk driftseining 2 (GDE). Det inneber ansvar for ambulansestasjon i Odda og i Kvinnherad. Driftseininga høyrer til under Klinikk for medisinske tjenester og beredskap.
Ambulansedrifta i Helse Fonna vil frå nyttår vera inndelt i fire geografiske driftseiningar, der funksjonsleiarane for dei ulike einingane, saman skal drifte for å sikre lik utvikling av tenesta på tvers av einingar.
Vi søkjer difor ein initiativrik leiar, som evner å byggje gode relasjonar og godt samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Det finst 10 ambulansestasjonar i Helse Fonna. Ansatte på ambulansestasjonane er fordelte under fire funksjonsleiarar. Det er ca.140 faste medarbeidarar knytt til ambulansestasjonane, i tillegg til vikarar og lærlingar.
Funksjonsleiar rapporterer til avdelingsleiar og inngår i avdelingsleiar si leiargruppa.
Arbeidsstad er i Odda og i Kvinnherad. Ein del reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Fremje gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt, og sikre at samarbeid med tillitsvalde og verneombod er i tråd med retningslinjer, lov og avtaleverk.
- Ansvar for den daglege drifta av ambulansestasjonene.
- Bistå i rekruttering og vidareutvikling av personalet i eininga.
- HMS arbeid som favnar Helse Fonnas retningslinjer.
- Inspirere og bidra til eit godt arbeidsmiljø i eininga.
- Heilskapleg ansvar for drift, personal, HMS og kvalitet i eigen eining.
- Planlegging og gjennomføring av dei mål, tiltak og endringar som til kvar tid føreligg.
- Utarbeide års- og driftsplan for eigen eining basert på avdelingens årsplan.
- Ivareta ansvaret som kulturberar i tråd med ønskja kultur i eininga og ut mot samarbeidspartnare.
Kvalifikasjonar
- Leiarutdanning. Manglande leiarutdanning kan fråvikast dersom søkjar tar lederutdanning etter avtale med avdelingsleiar.
- Relevant helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon.
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing.
- Erfaring med økonomistyring.
- Ynskjeleg med god IKT-kompetanse.
- Like utviklingsarbeid og endring.
- Vere kjend med bruken av ulike system i føretaket.
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert leiar med ein innovativ, open og løysingsorientert haldning.
- Høg grad av lojalitet, kvalitetsbevisst og etterretteleg.
- Du likar å leie og byggje team.
- Er omgjengeleg og serviceinnstilt, med gode evner til samarbeid og relasjonsbygging.
- God rolleforståing, lojalitet til formelle beslutningsprosessar.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Evne til å fremje utvikling og skape kultur for kontinuerleg forbetring.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verta vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode mogelegheiter for å utvikle deg som leiar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevneog fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Svein Oddvar Moen, Avdelingsleder, +47 90549153, svein.oddvar.moen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 59B
5531 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4882422091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Geografisk driftseining 2, Odda og Kvinnherad orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Maskinteknikk og mekanikk |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 59B Postnr: 5531) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |