Friluftsentusiastisk pedagog i ein privat Natur- og friluftsbarnehage. Eventus Valen Barnehage AS – Eventus Valen Barnehage
Education Barnehagelærer(1 day ago)
Job Description
Published 17-03-2025
Deadline: 31-03-2025
Friluftsentusiastisk pedagog i ein privat Natur- og friluftsbarnehage. Eventus Valen Barnehage AS
Eventus Valen Barnehage har ledig eit 100 % svangerskapsvikariat som bhg.lærar. Vi ser etter ein friluftsentusiastisk persom med ein tydeleg friluftspedagogikk, basert på uteaktiviteter, buss- og båtturer, og nærturer i skog og fjell! Vikariatet varer frå 1. august og kan ende i fast tilsettelse.
Hva vi ser etter
Generelle eigenskapar vi ser etter:
-
Du er ein god rollemodell for barna.
-
Du er fagleg reflektert og oppteken av å halda deg oppdatert.
-
Du er interessert i friluftsliv for barn.
-
Du er oppteken av å gi barna gode opplevingar.
-
Du held deg i form til å handsama ein aktiv barnehagekvardag.
-
Du likar å vera aktiv saman med barna inne, ute og på tur.
-
Du likar å vera ute i all slags vêr.
-
Du er god til å samarbeida med andre menneske i alle aldrar.
-
Du har god kompetanse på digitale verktøy og IKT.
-
Personleg eigenheit blir vektlagt.
Vi er opptekne av å vere ein mangfaldig barnehage, så søk gjerne på stillinga sjølv om du ikkje stemmer 100 % med det vi beskriv her.
Nødvendige kvalifikasjonar:
-
Utdanna barnehagelærar eller anna gyldig relevant utdanning.
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Fleire språk er eit pluss.
-
Gyldig politiattest.
Arbeidsoppgaver
Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vera:
-
Vise ein tydeleg friluftsprofil i barnehagen
-
Planlegging, tilrettelegging, dokumentering og synleggjering av pedagogiske aktivitetar evt. saman med avdelingsleiar.
-
Vera ein del av pedagog-teamet i barnehagen.
-
Vera ein del av barnehagens profesjonsfellesskap, halda seg fagleg oppdatert og delta aktivt i kunnskapsutvikling med andre tilsette.
-
Få tildelt eit ekstra ansvarsområde etter eige ynske. Dette kan vera noko du sjølv brenn for å få til (friluftsliv, grønsakhage, leikeområde osb.).
-
Samarbeida på tvers av avdelingar og sjå heile barnehagen som ein heilskap.
-
Vera primærkontakt for halve barnegruppa på avdelinga. Dette inneber å ha foreldresamtalar, tilrettelegging av ekstra behov, kontakt med ulike støtteinstansar og andre tilpassingar som eventuelt følgjer dine primærbarn.
Vi tilbyr
-
Rettleiing for nytilsette på tvers av Eventus-barnehagane.
-
Minibuss og moglegheit for å få dekka førarkort på minibuss og båt.
-
Stor lavvo som kan brukast heile året.
-
Godt utstyrt friluftsbod og gode moglegheiter for utviding.
-
Fleksibel kvardag der kvar avdeling har mykje autonomi.
-
Engasjerte medarbeidarar som er opptekne av pedagogisk kvalitet.
-
Fokus på bruk av plantid for å halde høg kvalitet i barnehagen.
-
Arbeidsklede.
-
Lønn som følgjer PBL sin tariff.
-
Planleggingsdagar med fagleg innhald både i enkeltbarnehagar og felles for alle i Eventus.
-
Mangfaldig arbeidsmiljø med halvparten mannlege tilsette.
Eventus barnehagar har felles årsplan, pluss ein som er tilpassa den enkelte barnehagen. Les årsplanane her: https://eventus.barnehage.no/Innhold/Side/139042
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Eventus Valen Barnehage orgnr: 996833127 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Eventus Barnehagar er ein non-profitt-organisasjon som består av 12 barnehagar på Vestlandet. Eventus Valen Barnehage har 4 avdelingar og 58 barn. Vi fremjar god psykisk helse og har stort fokus på friluftsliv og kosthald. Barnehagen har flotte nærturområde med både skog, sjø og fjell, og vi har eigen minibuss for å kome oss til stadar som ligg lengre unna barnehagen. Tilsette i Eventus Barnehagar har tre nøkkelverdiar vi heile tida ynskjer å bli betre på: Profesjonalitet. Dette handlar om å vera profesjonell med kollegaene dine og barnas føresette. Vi bruker fagspråk, vi rettleiar, vi seier ifrå, vi gjer kvarandre betre. Rausheit. Dette handlar om samarbeid. Vi hjelper kvarandre, vi gir av oss sjølve, vi støttar og vi gir rom til å vera den vi er. Lidenskap. Dette handlar om å brenna for yrket sitt. Vi viser nysgjerrigheit til kva kollegaene held på med, vi gir ros og anerkjenning, vi ynskjer å auka kvaliteten i kvardagen og held oss oppdatert på forsking og tilrådingar. |
Webside | https://eventus.barnehage.no/ |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | VALEN (Adresse: Valevegen 36 Postnr: 5451) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |