Fosterheim – Fosterhjemstjenesten i Førde, Bufetat

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(1 day ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 8. October 2024
  •  Expire date: 20. November 2024
Job Description

Published 08-10-2024
Deadline: 20-11-2024

 

Fosterheim

Vi søkjer etter ein familie som kan gje eit barn ein trygg kvardag og ein god oppvekst.

Mari har hatt ein vanskeleg oppvekst og treng to trygge og varme vaksne som kan gje ho den omsorga ho treng. Kan de opne hjartet og heimen dykkar for Mari?

Mari vert skildra som ei jente med mange gode kvalitetar, som godt humør, likar å vere sosial og som viser omsorg for andre. (“Mari” er brukt for å anonymisere  jenta, og er ikkje hennar rette namn.)

Bufetat, region vest søkjer i samarbeid med barneverntenesta i Sunnfjord etter ein fosterheim til Mari, ei jente som er i ungdomsskulealder. Ho bur på institusjon i dag, men treng å bu i ein trygg og god fosterheim.

Arbeidsoppgåver

  • De er innstilt på å samarbeide med barnet sine foreldre, barneverntenesta og andre offentlege instansar.
  • De må kunne følgje Mari tett opp slik at ho  meistrar kvardagen sin.

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel om du er fagutdanna innan helse- og sosialfag,  pedagogisk utdanning, eller har erfaring med barn og ungdom som har ekstra omsorgsbehov.
  • Kunnskap og erfaring med traumebevisst omsorg vil vere ein fordel.
  • Bør ikkje vere heimebuande barn yngre enn 17 år.
  • Fosterheimen må bestå av to vaksne. 
  • Frikjøp kan forlengast etter behov.
  • Ein eller to vaksne må kunne vere heime i inntil eit år med frikjøp frå sin vanlege jobb.

Personlige egenskaper

Mari har hatt det vanskeleg, og har derfor sterke kjensleuttrykk.

  •  Vi ser etter varme, trygge og stødige vaksne som har særleg evne til å kunne sjå og forstå Mari sine  kjensler og åtferd, og som kan hjelpe ho med å handtere dette på ein god måte.
  • Dei vaksne må ha tolmod til å utvikle ein trygg og god relasjon til Mari over tid.

Vi tilbyr

Dersom de vert anbefalt som fosterheim for barnet vil barneverntenesta kunne tilby:

  • Oppfølging av ein kontaktperson som er tilgjengeleg for barnet og dykk.
  • Rettleiing frå ein erfaren fosterheimsrettleiar.
  • Interne kurs i regi av barneverntenesta.
  • Moglegheiter for avlastning.
  • Arbeidsgodtgjersle som dekker tapt inntekt for ein eller to vaksne + 1 G ( 1 G tilsvarar kr 124.028 per år). Der er ei grense på 6 G i høve til løn, men alltid 1 G på toppen av den eine løna.
  • Utgiftsdekning etter gjeldande satsar (i dag kr. 10.756 per månad).

Opplysningar til deg som søker:

  • Politiattest må fremleggast ved eventuelt oppdrag.
  • Dersom dette høyrast  ut som eit oppdrag for dykk, ta kontakt med fosterheimstenesta ved Ingeborg Elvagjeng telefon 466 18 978 eller Gry Ingjerd Øksendal telefon 466 19133.

Vi vil saman vurdere om de kan og vil starte på opplærings- og anbefalingsprosessen for å bli fosterheim.

Kontaktinformasjon

Gry Ingjerd Øksendal, Rådgjevar, 466 19 133, gryingjerdoksendal@bufetat.no
Ingeborg Elvagjeng, Rådgjevar, 466 18 978, ingeborg.elvagjeng@bufetat.no

Arbeidssted

Storehagen 1B
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4868691769
Stillingsprosent: 100%
Annet
Søknadsfrist: 20.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fosterhjemstjenesten i Førde, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted FØRDE (Adresse: Storehagen 1B Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5572b23f-3b2b-4d2e-af58-f4aeb9f68b4e
IMPORTAPI