Job Description

Published 27-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Førstekonsulent studieadministrasjon

Om stillinga

Det utdanningsvitskaplege fakultet søker ein dyktig sakshandsamar i 50% fast stilling som førstekonsulent til studieseksjonen ved fakultetsadministrasjonen. Studieseksjonen arbeider med område som studieinformasjon, læringsmiljø, studentrekruttering, eksamensavvikling, studentutveksling, regelverk og studiekvalitet. 

Vi ser etter deg som ønsker varierte oppgåver i ein tidvis hektisk kvardag. Du vil arbeide med sakshandsaming i studiefeltet og få moglegheit til å utvikle kompetansen din. Du vil òg inngå i eksamensteamet i seksjonen. 

Vi søker ein sjølvstendig og strukturert kollega med god forvaltningsteft. Vi ønsker at du kan tiltre stillinga innan kort tid.

Arbeidsoppgåvene i denne stillinga vil være:

  • Sakshandsaming av studiesaker (til dømes godkjenning av ekstern utdanning, dispensasjon frå frist og registreringar i Felles Studentsystem) 
  • Arbeid knytt til planlegging og administrasjon av eksamen 

Andre arbeidsoppgåver kan leggast til stillinga ved behov, avhengig av behovet og kompetansen hos den som blir tilsett. 

Kva slags kompetanse må du ha?

  • Utdanning frå universitet eller høgskule minimum tilsvarande bachelorgrad. Fleire års relevant erfaring kan vege opp for manglande høgare utdanning 
  • Erfaring med sakshandsaming frå offentleg administrasjon, helst frå universitets- og høgskulesektoren 
  • God digital kompetanse 
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk 

Vi ønsker òg at du har:

  • Erfaring med studieadministrativt arbeid og sakshandsaming på studiefeltet
  • Erfaring med dei administrative systema til Universitetet i Oslo, til dømes FS og ephorte
  • Kjennskap til relevant regelverk

Kva ser vi etter hos deg?

For å trivst hos oss og i stillinga, meiner vi at enkelte eigenskapar og evner er spesielt viktige. Vi vil vektlegge desse når vi vurderer aktuelle kandidatar og søker deg som:

  • er ansvarsbevisst, strukturert og sjølvstendig 
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • er effektiv samstundes som du leverer arbeid av høg kvalitet

Vi vil legge avgjerande vekt på at du er personleg eigna for stillinga. 

Kvifor skal du velje oss?

I tillegg til å jobbe i ein stor og viktig kunnskapsorganisasjon, kan vi tilby mykje bra som tilsett hos oss, til dømes:

  • Spanande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og god oppfølging som nytilsett
  • Fleksitid, og sommartid mellom mai og september 
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse – ein av Noregs beste pensjonsordningar med moglegheit for å søke om bustadlån med gunstige vilkår
  • Tilsettegoder, til dømes barnehagar, bedriftsidrettslag og kunstklubb
  • Løn som førstekonsulent stillingskode 1408 vil bli fastsett etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 516 800 og kr 565 900, avhengig av kompetansen og erfaringa di

Vi ber om at du legg ved dette i søknaden din:

  • Søknadsbrev der du tydeleg får fram motivasjonen din for å arbeide hos oss
  • CV 
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Namn og kontaktinformasjon på 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkar, e-postadresse og telefonnummer) 

Merk: Vi oppmodar deg til å bruke fritekstfeltet når du fyller ut CV’en din i Jobbnorge, med ei kort oppsummering av oppgåver og erfaring du har frå tidlegare arbeidsforhold, kva du har oppnådd og anna du tenker er relevant. Det hjelper oss til å få eit godt bilde av deg og dine kvalifikasjonar.

Søknad med vedlegg må sendast inn via Jobbnorge. Vitnemål/attestar må være på norsk/skandinavisk språk eller engelsk.  

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju. 

I tråd med offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkaren bli gjort offentlege sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Før vi eventuelt gjer det, vil vi sjølvsagt gi deg beskjed. 

Ved Universitetet i Oslo har vi eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. 

I tillegg ønsker Universitetet i Oslo at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Har du hól i CV-en din, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søker stillinga hos oss. Det gir deg moglegheit for å få positiv særhandsaming, og vi inviterer alltid inn minst ein kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Oslo orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Oslo er Norges eldste og høyest rangerte forsknings- og utdanningsinstitusjon med 28 000 studenter og 7 500 ansatte. Faglig bredde og internasjonalt anerkjente forskningsmiljøer gjør UiO til en viktig samfunnsaktør.

Det utdanningsvitenskapelige fakultet er landets ledende, og et av Europas største, multidisiplinære utdannings- og forskningsmiljø innen utdanningsvitenskapelige fagområder. Fakultetet er et av åtte fakulteter ved Universitetet i Oslo, og består av tre institutter og et permanent senter. Vi har cirka 3500 studenter, og totalt er det om lag 400 årsverk som jobber hos oss. 

Webside http://www.uio.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted OSLO (Adresse: Sem Sælands vei 7 Postnr: 0371)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c0590352-1f16-4e88-91c4-88324ca04cc1
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269965