Førsteamanuensis/universitetslektor innan akvakultur  – Nord universitet

Education University and Collage

(18 hours ago)

  • BODØ
  •  Post Date: 25. November 2024
  •  Expire date: 20. January 2025
Job Description

Published 25-11-2024
Deadline: 20-01-2025

 

Førsteamanuensis/universitetslektor innan akvakultur 

Om stillinga

Ved Nord universitet er det ledig ei spennande treårig prosjektstilling som førsteamanuensis/universitetslektor innan akvakultur. Stillinga er oppretta i samband med eit nytt utdanningstilbod retta mot havbruk og næringsliv. Prosjektet skal byggje opp eit årsstudium som skal gjevast distribuert i form av digitale emne kombinert med samlingar.

Vi søkjer primært kandidatar med kompetanse innan eitt eller fleire av følgjande område: fiskebiologi, fiskevelferd og helse, produksjonsteknologi eller sjømatkvalitet. Kandidaten må ha god kunnskap om norsk havbruksnæring og produksjon i det marine miljøet. Pedagogisk kompetanse og erfaring med bruk av digitale undervisningsplattformer er ein fordel.

Den som blir tilsett, er venta å kunne ta eit undervisnings- og koordineringsansvar innan årsstudiet som skal etablerast på Nesna, men annan undervisning og rettleiing av studentar på fakultetet si studieportefølje må også påreknast. Det er også venta at den som blir tilsett har fokus på forskingsbasert undervisning og studentaktive læringsformer, inkludert utvikling og bruk av “blended teaching”, samt bidrar til å vidareutvikle studietilbod og emneportefølje. Det er venta aktiv fagleg utvikling gjennom samarbeid med kollegaer og studentinvolvering.

Stillinga har kontorstad i Bodø, men det må påreknast  ein del reiseverksemd og nærvere på Nesna. 

Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for undervisning og koordinering av årsstudiet som skal etablerast på Nesna
  • Undervise i akvakulturrelaterte emne i ulike studieprogram på fakultetet, som til dømes fiskebiologi, oppdrett av marin fisk, grunnleggande akvakultur, fiskehelse, fysiologi, oppdrettsteknologi og havbruksforvaltning 
  • Bidra inn mot EVU (etter- og vidareutdanning) og desentralisert undervisning ved fakultetet. Reiseaktivitet må derfor påreknast
  • Rettleie studentar innan fagområdet akvakultur 
  • Bidra til å synleggjere fakultetet
  • Delta i ulike utval og komitear 
  • Arbeidsoppgåvene kan endrast avhengig av fakultetet sine behov og den faglege bakgrunnen til den tilsette

Kvalifikasjonskrav

 

Tilsetjing som førsteamanuensis:

For tilsetjing som førsteamanuensis krev vi norsk doktorgrad innanfor relevant fagområde eller tilsvarande utanlandsk doktorgrad som er godkjend som likeverdig med den norske, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapleg produksjon av same omfang og kvalitet.

Søkjarar må dokumentere at dei har grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing.

 

Tilsetjing som universitetslektor:

For tilsetjing som universitetslektor krevst minimum mastergrad eller tilsvarande innan fagfeltet akvakultur (fysiologi, helse, velferd, produksjon, ernæring, eller liknande).

 

Felles for begge:

Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege kvalifikasjonar i norsk, då det meste av undervisninga vil føregå på norsk.

Søkjar bør ha undervisingserfaring frå universitet/høgskule og ferdigheiter innan planlegging, implementering, evaluering og utvikling av undervising, samt rettleiing av studentar.

Kjennskap til norsk havbruksnæring er ein stor fordel.

Stillinga krev ein sterkt motivert og dynamisk person med gode mellommenneskelege eigenskapar. Kandidaten er venta å bidra til å vidareutvikle emneporteføljen og styrkje det faglege samarbeidet mellom fakultetet sine forskingsgrupper. Gode samarbeidsevner vil vere viktig. Vi ser etter ein positiv og utovervend person som likar å jobbe i lag med studentar og i team.

Universitet har eigne vilkår for utdanningsfagleg kompetanse, sjå meir informasjon på Nord sine nettsider. Søkjarar som ved tilsetjing ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse, må skaffe seg denne kompetansen i løpet av ein toårsperiode. Nord universitet tilbyr eit emne i universitetspedagogikk som dekkjer dette kravet.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Kandidatens potensial til å byggja opp og bidra inn i fakultetet utdanningstilbod
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk (eller anna skandinavisk språk)
  • Erfaring med undervisning og rettleiing av studentar
  • Pedagogiske ferdigheiter
  • Erfaring med formidling og god kommunikasjon
  • Gode mellommenneskelege kvalifikasjonar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

Stillinga blir løna etter Statens regulativ, kode 1011 for førsteamanuensis og kode 1009 for universitetslektor. Løn etter avtale. Frå løna går lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

  • God låne-, forsikrings-, og pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Kreativt og kollegialt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass i stadig utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Aktivt bedriftsidrettslag

Generell informasjon

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei lover, avtalar og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det blir teke atterhald om endring i ansvars- og arbeidsområde som følgje av framtidig organisasjonsutvikling og omorganisering ved Nord universitet.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Nord universitet oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en, innvandrarbakgrunn og elles ulik livserfaring til å søkje.

Opplysingar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV kan bli brukte til anonymiserte registreringsføremål.

Søknadsprosessen

Søkjarar vil bli vurderte av ein sakkunnig vurderingskomité. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju og prøveførelesing.

Søknad

Søknad sendast elektronisk innan 20.01.2025

Den elektroniske søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Fullstendig curriculum vitae
  • Kopi av vitnemål og attestar
  • Fullstendige kopiar av eit utval på inntil 15 av dei mest relevante publikasjonane til søkjaren, og ei liste over desse. Vi bed søkjarane prioritere dei 5 viktigaste arbeida sine, og kommentere prioriteringa. For søkjarar med doktorgradsavhandling skal denne leggjast ved som eitt av desse arbeida.
  • Utdanningsfagleg CV og refleksjonsnotat i samsvar med utfyllande reglar for utdanningsfagleg kompetanse
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som vurderast som relevant for stillinga, og som er ønskt teken med i vurderinga
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansepersonar

All dokumentasjon som det skal takast omsyn til, skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Fullstendig elektronisk dokumentasjon skal sendast inn innan søknadsfristen.

Etter at søknadsfristen er gått ut, blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv etter ønskje om å bli utelaten frå søkjarlista. Søkjarar som likevel bed om konfidensialitet, skal grunngje dette særskilt i søknaden. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand om offentleggjering.

Ref.nr. 30227301

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Nord universitet orgnr: 974799820
Kort om arbeidsgiver

Gjennom forsking, utdanning og samfunnsdeltaking, bidreg Nord universitet til å skape ei berekraftig framtid med utgangspunkt i vår geografiske lokalisering.

I samarbeid med samfunns- og næringsliv i Nordland og Trøndelag, fremjar våre 11 500 studentar og 1 350 tilsette innovative løysingar og kunnskapsbasert praksis, lokalt og internasjonalt.

Nord universitet har fire strategiske satsingsområde: blå og grøn vekst, berekraftig innovasjon og entreprenørskap, samfunnssikkerheit og helse, velferd og oppvekst.

 

Fakultet for biovitskap og akvakultur (FBA) utdannar menneske som fremjar berekraftig og nytenkjande utvikling for å møte globale utfordringar innan matproduksjon, klima og miljø.

Fakultetet er ein internasjonal arena for utdanning, forsking og kunnskapsformidling, med tilsette og studentar frå 39 land. Fakultetet tilbyr doktorgrad (ph.d.) i biovitskap.

Fakultet for biovitskap og akvakultur har 900 studentar og 165 tilsette i Bodø og Steinkjer. Fagmiljøet er organisert i faggruppene Akvakultur, Økologi, Genomikk, Husdyrproduksjon og velferd, og Alger og Mikrobiell Bioteknologi.

Les meir: www.nord.no/fba

 

 

Webside http://www.nord.no/no
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BODØ (Adresse: Universitetsalléen 11 Postnr: 8026)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/08b10f77-0740-4749-98b5-47c6a12d8b01
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270573