Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 22-12-2024

 

Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i arealplanlegging 

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i arealplanlegging ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i planlegging, med tilsetting etter avtale. Stillinga er lagt til Institutt for bygg, miljø- og naturvitskap, Campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise og rettleie på bachelor- og masternivå på problemstillingar knytt til arealplanlegging, stadutvikling og klimatilpassing. Aktuelle emne å undervise på er; Arealplanlegging, Reguleringsplanlegging, Miljø- og forvaltningsrett, Landskapsinngrep eller masteremne i Climate Adaptation in Spatial Planning. Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett deltek i FOU ved instituttet, til dømes innan berekraftig stadutvikling, landskapsplanlegging, klimatilpassing eller juridiske verkemiddel for planlegging.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13-2 (1). 

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan fagområde, og for førstelektor dokumentasjon på
    førstelektorkompetanse innan fagområde til stillinga
  • For tilsetting som høgskulelektor ein ha mastergrad fagområde 
  • Den som vert tilsett må kunne framvise god kjennskap til, og brei erfaring frå det norske plan- og forvaltningssystemet
  • Ha kunnskap i skjeringspunktet mellom arealplanlegging og minst eitt av fagfelta nevnt under ansvars- og arbeidsoppgåver
  • Erfaring med bruk av Gisline eller tilsvarande digitale planverktøy
  • Undervisningsspårket er norsk, og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk i
    tillegg til engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

 

Ønska kvalifikasjonar:
I tillegg til krava om kvalifikasjonar vil vi legge vekt på:

  • Erfaring som planleggar
  • Erfaring og kompetanse i bruk av arealrekneskap og naturbaserte løysningar
  • Undervisningserfaring frå universitet eller høgskule
  • Forskingserfaring
     

 

Personlige eigenskapar:
Vi legg vekt på god samarbeidsevne, fleksibilitet, evne til å ta initiativ og engasjement. 

Arbeids- og undervisningsspråk er norsk, med unntak av på masternivå. Tilsette utan formell pedagogisk utdanning og som ikkje kan dokumentere tilsvarande kvalifikasjonar, vil kunne bli pålagt å gjennomføre kurs i pedagogikk. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju med prøveførelesing.

Utdanningsfagleg kompetanse:
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .
 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som x er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis/1198 førstelektor, 1008 høgskolelektor

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

Assisterende instituttleder Kristin Myhra Sæterdal

E-post: kristin.myhra.seterdal@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

 Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

 Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund. 

 

Institutt for bygg, miljø- og naturvitenskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innanfor bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging, og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar

Webside http://www.hvl.no
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted SOGNDAL (Adresse: Røryrgata 6 Postnr: 6851)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/44195385-5123-4a76-a70f-980ae459e157
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270882