Job Description

Published 17-09-2024
Deadline: 30-09-2024

 

Forskingssjukepleiar/ forskings-medarbeidar

Vi søker etter forskingssjukepleiar i 100% fast stilling til Avdeling for Fag- og Forsking i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). 

Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ansvar for store delar av tilbodet knytt til anestesi, intensivmedisin, akuttmedisin og smertebehandling. Klinikken har og eigen Fag- og forskingsavdeling. Totalt har KSK om lag 1400 tilsette.

Fag- og forskingsavdelinga i KSK har overordna ansvar for forsking, innovasjon, kvalitetsforbetring og fagutvikling i KSK. Avdelinga består av fleire forskingseiningar i tillegg til Kompetansesenteret for Kommunikasjonsberedskap i helsetenesta (Kokom), Norsk Intensiv- og Pandemiregister samt Nasjonalt register for smertebehandling. Vi har fleire kliniske prosjekt gåande og under planlegging. Vi treng nettopp deg til å vere med å ta aktivt del i desse, særskild eit pågåande prosjekt på hjartepasientar og eit prosjekt under planlegging som omhandlar alvorlege infeksjonar.

Arbeidsoppgåver

  • Administrere og koordinere forskingsprosjekt 
  • Inkludere og følge opp pasientar i kliniske studiar
  • Datainnsamling, dokumentering og registrering
  • Gjennomføre testar, blodprøvetaking og scoringssystem på pasientar
  • Delta i avdelingas arbeid med prosjekt og registeretablering
  • Delta i avdelingas kvalitetsarbeid
  • Oppfølging og kontroll av forskingsprosjekt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eventuelt annan relevant medisinsk utdanning
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Interesse for forsking og kvalitetsarbeid
  • Fordel med gode IKT-kunnskapar
  • Kurs i forskingsarbeid som “GoocdClinical Practice” er ein fordel, men ikkje nødvendig for tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Moglegheit for eigen forsking
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Nedrebø, Avdelingssjef,  48058481, torbjorn.nedrebo@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4860154652
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kirurgisk serviceklinikk/ Fag- og forskingsavdelinga, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e1405ffa-e4ba-455d-a4e9-e395a6dabf65
IMPORTAPI