Forskingsdatakoordinator – Universitetet i Bergen
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 days ago)
Job Description
Published 18-03-2025
Deadline: 23-04-2025
Forskingsdatakoordinator
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Forskingsdatakoordinator
Ved Samfunnsvitskapleg fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som forskingsdatakoordinator for den NFR-finansierte nasjonale forskingsinfrastrukturen Koordinerte onlinepaneler for forsking på demokrati og styresett (KODEM). Vi søkjer kandidatar med utdanningsbakgrunn frå samfunnsfag, inkludert samfunnspsykologi, som har erfaring med og interesse for å arbeide med surveydata og surveydesign. Den tilsette vil bli med i eit framgangsrikt fagmiljø ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB. Som del av ei gruppe med teknisk-administrativt og vitskapeleg tilsette vil den tilsette samarbeide med leiande samfunnsvitskaplege miljø ved ti konsortieinstitusjonar (UiB, UiO, NTNU, UiT, UiA, UiS, NORCE, ISF, og Sikt) og få bidra til nyskapande samfunnsvitskapeleg og tverrfagleg forsking av høg kvalitet. KODEM er ein nasjonal forskingsinfrastruktur under etablering med mål om å bli eit nasjonalt og internasjonalt flaggskip for surveyforsking i den digitale tidsalderen. I løpet av dei komande fem åra skal det byggast onlinepanel som skal vere representative for fire sentrale grupper i demokratiske styresett: Innbyggjarar frå 18 år og oppover, folkevalde på alle nivå, offentleg forvaltning på alle nivå, og tilsette i offentlege og private mediebedrifter. KODEM vil som første forskingsinfrastruktur av sitt slag gjere mogleg koordinert datainnsamling i dei fire gruppene. Forskingsdatakoordinatoren skal arbeide tett med og rapportere til vitskapleg og administrativ leiing i KODEM. Stillinga er formelt lagt til fellesadministrasjonen for dei tre institutta Politikk og forvalting, Samanliknande politikk og Sosiologi, med administrasjonssjefen som personalansvarleg. Den som blir tilsett i stillinga er venta å ha arbeidsstaden sin i Bergen.
Arbeidsoppgåver:
Den tilsette vil ha teknisk-administrativt hovudansvar for alle prosessar knytt til generering av surveydata i KODEM. Sentrale arbeidsoppgåver inkluderer:
- Surveydesign.
- Brukartesting av surveyundersøkingar.
- Å førebu rekruttering av nye respondentar.
- Kommunikasjon med forskarar i heile Noreg og internasjonalt.
- Å førebu og rapportere frå møte i vitskaplege komitéar (Internal Review Boards).
- Å monitorere og rapportere om datakvalitet.
- Panelpleie: Å bidra til at respondentane i undersøkingane har lyst til å delta.
- Å bidra til personvernarbeid.
- Å sikre og følgje opp datatilgang for forskarar.
- Å utvikle og oppretthalde rutinar og retningslinjer.
- Bidrag til dagleg drift av infrastrukturen: Arrangement, informasjonsflyt, arbeidsmiljø, etc.
Arbeidsoppgåver kan inkludere:
- Analyse og formidling av data og resultat.
- Nettsidearbeid.
Oppgåvene kan tilpassast noko til søkjaren, og det er mogleg å ta kurs eller delta på workshops for å styrke kompetansen på utvalde område.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha relevant utdanning innan samfunnsfag, samfunnspsykologi eller tilsvarande på minimum mastergradsnivå. Ph.d.-grad og/eller forskingserfaring vil vere ein føremon dersom graden/forskingserfaringa er knytt til innsamling eller handsaming av surveydata eller tilsvarande.
- Stillinga har stillingskode 1087 overingeniør. Søkjarar med relevant doktorgrad eller minimum 5 års relevant arbeidserfaring kan kvalifisere til senioringeniørstilling (kode 1181).
- Erfaring og utdanning innanfor arbeids – og ansvarsområde til stillinga vil bli vektlagt. Dette gjeld særskilt erfaring med surveydesign og/eller analyse av surveydata.
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk er eit krav.
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Moglegheiter til fagleg utvikling og kompetansebygging.
- Årsløn som overingeniør kr. 584 500 – 624500. Årsløn som senioringeniør kr. 657 300 – 722 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Søknad
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”søk på jobben”.)
Søkjarar må og legge ved dokumentasjon som kan vere relevant i høve til surveydata, t.d. masteroppgåve, doktorgradsavhandling, artiklar eller anna (maks 5 vedlegg).
Søknadsfrist: 04.04.2025.
Søknaden skal merkast 2025/3460.
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Elisabeth Ivarsflaten, elisabeth.ivarsflaten@uib.no / +47 45671663 / +47 55582460.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: postboks 7802 Postnr: 5020) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-04-2025 |