Job Description
Published 28-10-2024
Deadline: 10-11-2024
Forskar (mellombels)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (mellombels)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei mellombels stilling som forskar (45 %). Varigheit for stillinga er 01.12.2024-31.08.2025.
Stillinga er ekstern finansiert, og knytt til Center for Intervention Science in Maternal and Child Health (CISMAC).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
1. Koordinering av og undervisning i EpiCap: Strengthening capacity in analytic epidemiology – teaching for learning (for meir informasjon om dette sjå på nettsida: https://www.uib.no/en/cismac/169347/epicap-strengthening-capacity-analytic-epidemiology-teaching-learning) . Dette inkluderer tilrettelegging av kurs, koordinering av utvikling av kursmateriell, utarbeiding av datasett til kursa, kvalitetssikring av kursmateriell, evaluering av eksamensoppgåver med meir.
2. Utvikling av prosjektsøknadar for ein studie på tiltak for å fremje tidleg gjenkjenning og behandling av alvorleg lungebetennelse og for å auke overleving blant ugandiske spedbarn
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha kvalifikasjonar og erfaring innan epidemiologiundervisning på Master og PhD nivå, fortrinnsvis (også) ved ein norsk akademisk institusjon.
- Forskaren må ha erfaring med:
- vurdering på master og PhD nivå
- analysering av epidemiologiske data ved bruk av statistiske programpakker, inkludert STATA og R
- utvikling av prosjektidéar, prosjektbeskrivingar og utvikling av søknader til ulike finansieringskjelder.
- koordinering/gjennomføring av store randomiserte kontrollerte forsøk, fortrinnsvis i mellom- eller låginntektsland.
- Det vil være ein stor føredom om søkjaren har erfaring frå:
- koordinering av kurs i epidemiologi ved (ein) akademiske institusjon(ar)
- utvikling av kursmateriale, inkludert bruk av statistikkpakker for praktisk undervisning i epidemiologisk analyse.
- Vitskapelege artiklar utover dei som inngår i søkjaren sin PhD grad vil bli vektlagt.
- Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for akademisk undervisning og for forsking
- Søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
- Det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid
Vi kan tilby:
- Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø innan epidemiologisk undervisning og forsking
- Løn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
- Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
- Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desse
- Doktorgradsavhandlinga (i PDF-format)
- To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.
Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:
- Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
- Lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
- Forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
- Det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
- Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
- Forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
- Forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
- Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
- Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Halvor Sommerfelt, e-post: halvor.sommerfelt@uib.no, tlf.: +47 55588575
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: 983455271 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | BERGEN (Adresse: Årstadveien 17 Postnr: 5018) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-11-2024 |