Førde bu- og miljøteneste, eining 3 har ledig stilling som – Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3
Health and social care Miljøarbeidere(2 weeks ago)
Job Description
Published 04-11-2024
Deadline: 30-11-2024
Førde bu- og miljøteneste, eining 3 har ledig stilling som
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi søker deg som har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus!
Arbeidsoppgåver
- Sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukargruppa
- Kartleggingsarbeid og primærkontaktansvar
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Sikre at gjeldande lovverk, vedtak og bestemmelsar blir følgde
- Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
- Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
- Vere ein pådrivar til fagleg utvikling og rettleiing av medarbeidarar og studentar
- Sikre journalføring i fagprogrammet cosdoc
- Fokus på aktivitetar, ernæring og å auke livskvaliteten til brukarane
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller 3 årig sosialfagleg utdanning
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Ønskeleg med erfaring innan målgruppa
- Stødig på å handtere utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
- Gode IKT kunnskapar
- Førarkort klasse B
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team.
- er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerder
- er fleksibel og endringsvillig, og har evne til å sette grenser
- er god på relasjonsbygging og skape tillit
- er fagleg oppdatert og engasjert
- påliteleg, punktleg og løysingsfokusert
- likar ulike aktivitetar og har ei god fysisk helse
- har gode personlege eigenskapar, dette vektast høgt
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Spanande og faglege utfordringar
- Rettleiing/fagleg oppdatering
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Langvaktsturnus (inntil 12,5 t) med arbeid 4 kvar helg og periodar med langfri. Ved ønske om å gå ordinære vakter blir det høve til det, med arbeid 3 kvar helg.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO