Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Førde bu- og miljøteneste eining 3 har ledig 100 % fast stilling som

Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming  som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Arbeid i turnus med ein kombinasjon av vanlege vakter og langvakter, der nokre av vaktene også innebere sovande nattevakt.

Arbeidsoppgåver:

  • yte god omsorg for brukarane våre
  • oppfølging av brukarar med fokus på aktivisering, miljøterapi og daglege gjeremål
  • bidra til å skape ein trygg atmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkel brukar
  • praktiske oppgåver og førefallande arbeid
  • oppgåver knytt til primærkontakt
  • tett samarbeid med pårørande, verje og andre tverrfaglege instansar

Kvalifikasjonar:

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • førarkort kl. B 
  • meistre godt norsk munnleg og skriftleg
  • personleg eigenskapar vert vektlagt
  • evne til samspel med brukarar, pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med
  • vere ein trygg og tydeleg vaksen person som set grenser på ein omsorgsfull måte
  • politiattest må leverast før start i stilling

Personlege eigenskapar:

Vi ønskjer ein person som:

  • vil bidra positivt til eit fagleg og kollegial godt miljø
  • er punktleg og påliteleg
  • trivast i ein aktiv kvardag og har evne til endring
  • syner fagleg tryggleik, tillit og respekt
  • behandlar brukarar og pårørande  profesjonelt og empatisk
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • jobbar sjølvstendig og trivast med å jobbe aleine då mange av vaktene er 1-1 oppfølging
  • er i stand til å ta i mot rettleiing i frå leiar og ansvarshavande
  • er god på tverrfagleg samarbeid
  • bidrar til å skape trivsel på jobb
  • har kapasitet til å arbeide langvakter og sovande nattevakter

Vi tilbyr:

  • god opplæring
  • høgt fagleg nivå med varierande utfordringar
  • ein god arbeidsplass med inkluderande miljø der folk trivast på jobb.
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-avtale

 

 Oppstart 2 januar 2025 eller ette nærare avtale. 

Velkommen som søkar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 3 orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted FØRDE (Adresse: Steinavegen 40 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/766e4227-9876-4851-a2cd-f3ff031e2150
IMPORTAPI