Flåmsbana søker trivelege selgarar for sesongarbeid 2025 – Flåmsbana AS
Reiseliv og mat Reiseliv, hotell og overnatting(3 weeks ago)
Job Description
Published 29-01-2025
Deadline: 25-02-2025
Flåmsbana søker trivelege selgarar for sesongarbeid 2025
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har vi jobben for deg!
Vi på Flåmsbana AS er på jakt etter trivelege selgarar for sesongarbeid hjå oss sommaren 2025.
Selgarane våre sel togbillettar til gjester frå alle verdsdelar i det unike kundesenteret på Flåm stasjon. Jobben inkluderer også kontakt med gjester og turoperatørar på e-post og telefon.
Vi ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.
Me treng sesongarbeidarar i tidsrommommet (eller deler av) 14.04.-31.10.2025.
Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april – oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana AS kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.
Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no
Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Flåmsbana AS orgnr: 979278357 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar. Flåmsbana AS er eigd av Norway's Best Group AS 50% og Vygruppen AS 50%. Selskapet har 13 fast tilsette og om lag 30 sesongarbeidarar. |
Webside | https://www.flamsbana.no/ |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Reiseliv, hotell og overnatting |
Sted | FLÅM (Adresse: Flåm stasjon Postnr: 5743) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 25-02-2025 |