Flåmsbana AS søkjer vaskepersonale for sesongarbeid 2025 – Flåmsbana AS
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(3 weeks ago)
Job Description
Published 29-01-2025
Deadline: 25-02-2025
Flåmsbana AS søkjer vaskepersonale for sesongarbeid 2025
Ynskjer du ein spanande og lærerik sommarjobb? Då har me jobben for deg!
Flåmsbana AS er på jakt etter flinke vaskepersonale for sesongarbeid hjå oss sommaren 2025.
Renholdarane våre sørger for at lokala og toga våre er reine og ryddige slik at gjestene våre får eit godt fyrsteinntrykk og føler seg velkomne.
Me ser etter personar som står på, er serviceinnstilt og som trivst med eit høgt arbeidstempo. Om du kunne tenkje deg å jobbe i eit uformelt internasjonalt arbeidsmiljø, og bidra til å skape fantastiske reiseopplevingar for våre gjester, så er ein sommarjobb hjå oss noko for deg.
Me har også spanande stillingar som turistvertar, selgarar og sykkelekspeditørar. Sjå eigne utlysingar.
Vi treng folk i heile (eller deler av) tidsrommet 1.april – 31. oktober.
Skriv ein kortfatta søknad på e-post, der det går fram kva stilling du søker på, tidsrom som er aktuelt å jobbe i perioden april – oktober, samt om du har behov for losji i Flåm under arbeidsperioden. Flåmsbana AS kan vera behjelpeleg med dette, men eigen bustad er ein fordel.
Søknad og CV sendast til jobbsoknad@flamsbana.no
Intervju og tilsettingar skjer fortløpande.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Flåmsbana AS orgnr: 979278357 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar. Flåmsbana AS er eigd av Norway's Best Group AS 50% og Vygruppen AS 50%. Selskapet har 13 fast tilsette og om lag 30 sesongarbeidarar. |
Webside | https://www.flamsbana.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | FLÅM (Adresse: Flåm stasjon Postnr: 5743) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 25-02-2025 |