Job Description

Published 10-09-2024
Deadline: 25-09-2024

 

Finanstilsynet søker jurist til tilbodsplikta

Det er forventa at Finanstilsynet overtek rolla som tilbodsmyndigheit i 2025. Vi rekrutterer derfor ein seniorrådgivar til seksjon for prospekt og finansiell rapportering. Seksjonen fører kontroll med rapportering frå selskap som er noterte på Oslo Børs, og har òg ansvaret for kontrollen og godkjenninga av prospekt ved større offentlege tilbod og noteringar på børsen. Seksjonen består av 20 medarbeidarar med høg og variert kompetanse. 

Reglane om tilbodsplikt og oppfølginga til tilbodsmyndigheita av desse er sentrale for tilliten til kapitalmarknadene. Du som blir den nye kollegaen vår, skal bidra til å etablere funksjonen som tilbodsmyndigheit i Finanstilsynet, og du vil framover bli sentral i arbeidet med tilbodsplikta. Du vil arbeide innan eit område med stor offentleg interesse, og stillinga gir svært gode moglegheiter for fagleg utvikling. Aktiviteten knytt til tilbodsplikt varierer, og personen som blir tilsett, vil kunne involverast i anna juridisk arbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber å kontrollere tilbodsdokument og at aktørane følger reglane om tilbodsplikt. Dette omfattar òg å avklare juridiske spørsmål om tilbodsplikta.
  • Før Finanstilsynet overtek rolla som tilbodsmyndigheit, vil stillinga vere sentral i å etablere rutinar og prosessar for å følge opp tilbodsplikta.
  • Aktiviteten knytt til tilbodsplikta varierer, og personen som blir tilsett, vil òg bli involvert i anna juridisk arbeid, særleg på verdipapirområdet.
  • Arbeidet inneber mellom anna kontakt med aktørar i marknaden, selskapa si leiing og rådgivarar, og dessutan andre europeiske tilsynsmyndigheiter.
  • Arbeidet blir hovudsakleg utført i team, men det er òg forventa at ein har evne til å jobbe sjølvstendig.

Kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap med gode resultat
  • minimum 5 års erfaring frå arbeid med tilbodsdokument og reglane om tilbodsplikt 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Innsikt i, og interesse for verdipapirmarknaden er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • gode analytiske eigenskapar og evne til å arbeide strukturert
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
  • høg gjennomføringsevne og evne til å arbeide effektivt, med rask og presis levering

Vi legg vekt på at personen som blir tilsett, er personleg eigna og motivert for stillinga.

Vi tilbyr

  • interessante og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike kollegaer
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk
  • gode treningsfasilitetar og moglegheit for å trene i arbeidstida 
  • pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • tiltreding og lønn etter avtale 

Anna

  • Etter at søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25.
  • For å bli vurdert for stillinga må du legge ved vitnemål og relevante attestar.
  • Du kan skrive søknaden på nynorsk eller bokmål.
  • Vi utfører bakgrunnssjekk av personen som blir tilsett i stillinga.
  • Alle tilsette i Finanstilsynet må følge dei etiske retningslinjene våre, sjå https://www.finanstilsynet.no/jobb-hos-oss/#Etiskeretningslinjer
  • Finanstilsynet er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV-en. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For positiv særbehandling, sjå http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
  • Les meir om Finanstilsynet på nettstaden vår, www.finanstilsynet.no            

Kontaktinformasjon

Lars Jacob Braarud, Seksjonsleder, 22 93 97 53

Arbeidssted

Revierstredet 3
0151 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Finanstilsynet

Referansenr.: 4858590265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Seksjon for prospekt og finansiell rapportering, Finanstilsynet orgnr: 974703025
Kort om arbeidsgiver

Finanstilsynet arbeider for at finansføretak og finansmarknader fungerer trygt og effektivt til det beste for samfunnet og brukarane av finansielle tenester. Vi har om lag 340 tilsette og held til i Oslo sentrum. Vi legg til rette for eit godt arbeidsmiljø, tek omsyn til klima- og miljøutfordringar og er sertifisert som Miljøfyrtårn. 

Webside http://www.finanstilsynet.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted OSLO (Adresse: Revierstredet 3 Postnr: 0151)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/af5662af-a502-4cba-aaf8-003cfb8390e4
IMPORTAPI