Ferievikarer Matforsyning Haugesund – Matforsyning avdeling, Haugesund sjukehus
Reiseliv og mat Restaurant(1 day ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 01-04-2025
Ferievikarer Matforsyning Haugesund
Vi søkjer etter engasjerte sommarvikarar som er klare til å ta fatt på rolla som matvertar i Matforsyningsavdelinga ved Haugesund sjukehus!
Det må reknast med arbeid halvparten av helgene.
Stillingane gjeld perioden juni – august. Det kan og bli aktuelt med tilsetjing utover desse periodane.
Stillingane varierer i omfang frå 75% til 100%. Opplæringsvakter og evt. ekstravakter kjem i tillegg.
Om du er lærevillig og arbeidssom, ser me fram til å høyre frå deg!
Vi ønskjer å vite kor mykje du kan jobbe i løpet av perioden juni-august.
Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Forberedelse og gjennomføring av brettservering og buffetservering
- Forberedelser, produksjon, rydding og oppvask i pasientkantiner eller produksjonskjøkken
- Direkte kontakt med pasientar i pasientkantinene
- Å vera ein fagressurs for pasientane i ernæringsspørsmål rundt den daglege kosten
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at ein har praksis frå matfaget, då spesiellt frå sjukehus eller helseinstitusjonar.
- Det krevs gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg, slik at ein kan lesa, forstå, skriva og snakka norsk dagleg språk.
Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentere bestått eksamen, frå minimum Trinn B1, innan samfunnsfag og norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- Er fagleg dyktig og interessert i å utvikle gode tilbud av rett kvalitet for pasientane
- Er god på helhetlig tenkning og gjennomgåande økonomisk bevissthet.
- Er ein god teamarbeidar, som er ansvarsbevisst men likevel kan arbeida sjølvstendig.
- Har ein grunnleggande serviceinnstilling og er god på kundebehandling.
- Er fleksibel, arbeidssom og effektiv
- Har sans for gode system, logistikk og god hygiene.
- Er klar for fysisk krevjande arbeid, inkludert tunge løft og mykje gåing
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst hos Spekter.
- Ein av Norges beste pensjonsordningar gjennom KLP, med konkurransedyktige pensjonsvilkår.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring, og tjenestereiseforsikring inkludert i tilsettinga.
- Som ein del av Helse Fonna, blir du del av ei IA-bedrift (Inkluderende Arbeidslivsbedrift), som viser vårt engasjement for eit inkluderande arbeidsmiljø.
- For å sikre at du får ein god start hos oss, tilbyr vi introduksjonskurs og grundig opplæring.
- Vårt mål er og å levere rett kvalitet på alle våre tenester og produkt!
Kontaktinformasjon
Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar, bjarte.halleraker@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4897635786
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Matforsyning avdeling, Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Restaurant |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 12 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-04-2025 |