Ferievikarar reinhald – Husøkonomi NSH, Helse Førde
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(4 weeks ago)
Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Ferievikarar reinhald
Nordfjord sjukehus, Husøkonomi søkjer reinhaldarar sommaren 2025. Arbeidsperiode 23.06.2025 – 10.08.2025.
Du må helst kunne jobbe heile sommaren inntil 100% stilling. Du vil få ein turnus med varierte vakter på dag frå kl. 07.00 til kl. 15.00 og på lørdager frå kl 07.00 til kl. 14.30
Det kan også være moglegheit for å få tilbod om tilkallingshjelp etter endt ferievikariat.
Arbeidsstad vil være Nordfjord sjukehus: BUP, Nordfjord psykiatri, avd døgn og rus.
Sjukehusreinhald inneber varierte arbeidsoppgåver der vi er en viktig og heilt nødvendig del av sjukehusdrifta. Dette er en spenande stilling der de vil få en variert arbeidsdag.
Vi søkjer deg som likar utfordringar, trivest med ein hektisk kvardag og å møte nye mennesker.
Husøkonomi/reinhald er med på å skape eit trygt opphald for pasientar, pårørande og ansatte, vi stiller høge krav til renholdet.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald
- Periodiske oppgåver
- Hovudreinhald
- Smittereinhald
- Operasjonsreinhald
Kvalifikasjonar
- Erfaring med reinhald er ein fordel.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du er nøyaktig og opptatt av å ha det ryddig rund deg
- Du er ansvarbevisst
- Du har fokus på å gi god service og har en positiv innstilling
- Du er omgjengeleg og likar å samarbeide med andre.
- Du tar ansvar og kan jobbe sjølstendig med dine arbeidsoppgaver
Vi tilbyr
- Et triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring vil bli gitt
- Lønn etter gjeldande avtaler
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helene Hilde-Sølvberg, Seksjonsleiar, (+47) 915 34 718
Arbeidssted
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4891647027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 10.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Husøkonomi NSH, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 23-06-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |