Ferievikarar innan helse og omsorg sommaren 2025 – Kviteseid Kommune – helse og omsorg
Health and social care LPN (nurse)(2 days ago)
Job Description
Published 21-03-2025
Deadline: Snarest
Ferievikarar innan helse og omsorg sommaren 2025
Lyst på ein spannande og meiningsfylt sommarjobb? Som gjev deg verdfull arbeidserfaring i tillegg til å nyte sommaren i vakre Kviteseid?
Hva vi ser etter
Me har behov for ferievikarar i perioden 16.06.25 – 10.08.25 ved Kviteseid omsorgssenter, heimesjukepleia, heimehjelpstenesta, Midtsundtoppen dagsenter, Lundenjordet bufellesskap og legekontoret.
Det er ønskjeleg at søkjarar har fylt 18 år og kan jobbe i heile perioden. Ved Kviteseid omsorgssenter, Lundenjordet og i heimesjukepleia jobbar ein turnus og i snitt annankvar helg.
Vikarar i heimesjukepleia og heimehjelpstenesta må ha førarkort klasse B. Heimehjelpsvikarar må og disponere eigen bil.
Arbeidsoppgaver
Kviteseid kommune har behov for sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, helsesekretærar, studentar/elevar, assistentar.
I søknaden må du oppgje kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må di prioritering koma fram i søknaden. Sei frå dersom det er dagar du eventuelt ikkje kan jobbe. Søkjarar kan ikkje få fri i både veke 29 og 30. Me vil prioritere søkjarar som kan jobbe heile perioden.
Vi tilbyr
Opplæring skjer fortrinnsvis før vikariatet startar. Grunnkurs i legemiddelhandtering for dei som har behov for det er 16.06.25.
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar som jobbar innan relevante fagområde blir løna etter lokal avtale.
DIVERSE INFO