Ferievikarar i pleie og omsorg – Bokn kommune Pleie- og omsorg

Health and social care Andre helseyrker

(5 days ago)

  • BOKN
  •  Post Date: 17. December 2024
  •  Expire date: 2. February 2025
Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 02-02-2025

 

Ferievikarar i pleie og omsorg

Ferievikarar i pleie- og omsorg sommaren 2025

Er du helsefagarbeidar/assistent/helsefagelev/sjukepleiarstudent eller liknande og kan tenkje deg å jobbe på ei lita,koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer eller i Bu- og aktivitet? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg!

Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.

Me har behov for ferievikarar sommaren 2025 innanfor veke 26-33 og oppmodar deg som har interesse og engasjement for pleie og omsorg om å søkje!

Om arbeidsstaden

Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet.

Avdelingane er lokalisert på Boknatun.

Arbeidsoppgåver i stillinga

Ordinære pleie- og omsorgsoppgåver

Tillitsskapande miljøarbeid

Kompetansekrav

Relevant fagbrev er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Sertifikat klasse B er ein fordel

Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig

Trivast med å arbeide med mennesker og yte omsorg

Evne til å motivere og engasjere

Handtere travle arbeidskvardagar

Personleg eignaheit vert sterkt vektlagd

Arbeidsgjevar tilbyr

Tilsetjing etter gjeldande lovar og tariffavtale

Dyktige, motiverte og inkluderande medarbeidarar

Søkjerar som kan arbeide minimum 4 veker vil bli prioritert ved tilsetjing

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no “ledige stillinger”

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bokn kommune Pleie- og omsorg orgnr: 974617633
Kort om arbeidsgiver Seksjonen helse og omsorg er inndelt i to ulike einingar og består av pleie- og omsorg og helse. Under pleie og omsorg har vi sjukestova, kommunal institusjonskjøkken, heimetenester og Bu- og aktivitet.

Under avdeling helse har vi legekontor, ergo- og fysioterapiteneste og psykisk helse- og rusteneste.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BOKN (Adresse: Boknatunvegen 37Bokn kommune Postnr: 5561)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3d0d7a5c-09d6-49a2-ae85-b0be3c3f5370
IMPORTAPI