Ferievikarar i helse og omsorg sommaren 2025 – Fyresdal kommune

Health and social care Nurse

(1 week ago)

  • FYRESDAL
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 23. February 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 23-02-2025

 

Ferievikarar i helse og omsorg sommaren 2025

Har du lyst til å tilbringe sommaren i Fyresdal?

Sektor for helse og omsorg har behov for ferievikarar i veke 26–33. Vi kan tilby variert og interessant arbeid i direkte kontakt med brukarar i ulike aldersgrupper og med ulike behov. 

Vi vil gjerne ha personar som er glade i utfordringar og likar å jobbe med menneske. Har du relevant fagutdanning, eller er du over 18 år og har starta på helsefagleg utdanning? Då har vi bruk for deg!

Arbeidsoppgåver

  • Ulike arbeidsoppgåver ut ifrå kva avdeling du søker sommarjobb på. 
  • Hovudsakleg pleieoppgåver og oppfylging av unge og eldre som treng bistand og hjelp i dagleglivet i ulik grad.

 Vi treng:

  • Assistentar i sjukeheim, i heimetenesta, i bustad for funksjonshemma, på kjøkken og vaskeri og som aktivitør på ulike avdelingar
  • Heimehjelp, må vere over 18 år, ha førarkort og disponere bil
  • Hjelpepleiar/helsefagarbeidar i sjukeheim, heimesjukepleie og i bustad for funksjonshemma
  • Sjukepleiar i sjukeheim, i heimesjukepleia og på legekontor
  • Kokk, sjukeheimen

Kvalifikasjonar

  • Opplæring vil bli gjeve, men grunnleggande interesse for å jobbe med menneske som har hjelpebehov er viktig.
  • Studentar/elevar som er under relevant utdanning vil bli prioriterte.
  • Søkarar som kan arbeide tilsvarande full stilling og i ein periode på minimum 4 veker vil bli prioriterte. Er det periodar du ikkje kan jobbe, ber vi om at det blir skrive i søknaden.
  • Dei som ynskjer arbeid i heimesjukepleia, som heimehjelp og i bustad for funksjonshemma må ha førarkort for personbil, i stilling som heimehjelp må ein og disponere eigen bil.
  • Gode norskkunnskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Stillingane er vesentleg i turnus med helgearbeid. 
  • Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
  • Studentar som er under relevant utdanning blir lønna høgare enn ufaglærte.
  • Ved tilsetting i enkelte av stillingane må det leverast politiattest, dette kjem ein tilbake til ved tilsetting.
  • For utanlandske søkarar må det føreligge norsk autorisasjon.
  • For søkarar utanfor EØS-området må det føreligge arbeids- og opphaldsløyve.

Skriv TYDELEG i søknaden i kva for avdeling du ynskjer å arbeide.

For opplysningar om stillingane kan du kontakte:

  • Sjukeheim: Gry S. Aamlid, 35 06 71 88 / 90 77 08 30
  • Heimetenesta: Gunn Marit Aslestad, 97 71 71 05
  • Bustad for funksjonshemma: Elise Lauvrak, 92 21 19 18
  • Legekontor: Gunn Marit Aslestad, 97 71 71 05
  • Kjøkken/vaskeri: Gry S. Aamlid, 35 06 71 63

Kontaktinformasjon

Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105

Arbeidssted

Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4897508088
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 23.02.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fyresdal kommune orgnr: 987914521
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FYRESDAL (Adresse: Klokkarhamaren 6 Postnr: 3870)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/889ddc17-6e8e-45d0-966a-212007fda1d7
IMPORTAPI