Ferievikarar bu og habilitering – Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune

Health and social care Nurse

(3 days ago)

  • ØRSTA
  •  Post Date: 19. December 2024
  •  Expire date: 31. January 2025
Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Ferievikarar bu og habilitering

Vi tilbyr spanande sommarjobb! Frå 23.6.25 til 10.8.25 har vi ledige stillingar, inntil 100 %, som ferievikar i tenesteområdet Bu og habilitering. Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, fagarbeidarar, studentar og ufaglærte. Tilsetting vert gjort fortløpande.

Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. 
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 

Bu og habilitering er omfatta av desse avdelingane:

  • Dalevegen 30-32. Bustadar og avlastning for barn og unge med funksjonsvariasjonar
  • Bakk-Ola-marka. Bustadar og utetenester for personar med funksjonsvariasjonar

Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov, som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig. Det vil bli gitt naudsynt opplæring i føre arbeidet tek til. Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt. 

Tenesteområdet har hatt ei auke i oppdrag siste åra noko som gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje. 

Arbeidsoppgåver

  • Følgje og oppretthalde rutiner knytt til avdelinga og den enkelte tenestemottakar sine tenester og behov
  • Bistå i utføring av aktivitetar, praktisk bistand (daglege gjermål og huslege sysslar) og miljøarbeid hjå tenestemottakar
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Det er ønskeleg om du har førarkort klasse B, manuell gir
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale Helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4. 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ynskjer å bida til å gi eit godt tilbod til brukarane våre
  • Du er ein lagspelar og bidreg positivt inn mot personalgruppa og arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag og i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. 

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.

 

Ørsta kommune tilbyr følgande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag*:

  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 1.år (60 stp.) – 85% av løn høgskuleutdanna
  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 2.året (120 stp) – 90% av løn høgskuleutdanna
  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 3.året (180 stp) – 95% av løn høgskuleutdanna
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 60 stp. – utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 7 000
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 120 stp. -utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 14 000
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 180 stp. – Løn tilsvarande fagarbeidar (+ evt ansiennitet) 

    * For å vere kvalifisert til denne løna må søkjaren levere dokumentasjon frå vitnemålsportalen på studie samt fullførte studiepoeng innan utgangen av vikarperioden.

 

Kontaktinformasjon

Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar Dalevegen 30-32, 47645722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.no
Kathrine Brekke, Avdelingsleiar buhab Bakk-Ola-marka, 900 12 175, kathrine.brekke@orsta.kommune.no
Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar bu og habilitering, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 27
6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4895330946
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 10.08.2025
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune orgnr: 974008483
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØRSTA (Adresse: Anders Hovden-gata 27 Postnr: 6153)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/56da9876-eed3-44bd-8b5c-e6779369858b
IMPORTAPI