Job Description

Published 10-12-2024
Deadline: 22-04-2025

 

Ferievikarar

Vi i Bu -og avlastningstenesta treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og ufaglærde. Stillingane er i en variasjon av langvaktsturnus, todelt turnus og nattevakter med inntil 14,5 timers vakter eller nattevaktsturnus. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.  

Bu- og avlastingstenesta yt tenester til born og ungdommar med særskilte behov, derunder utviklingshemning, autisme og psykiske lidingar. Vi har fokus på at borna og ungdommene skal ha eit meiningsfullt liv med god livskvalitet. Dei fleste har behov for langsiktig omsorg med miljøterapeutisk tilrettelegging. Dei treng trygge og gode rammer, samt personer som er aktive, og har som har lyst å ge dei kjekke opplevingar. Her kan du utøve godt miljøarbeid ved hjelp av dine personlege eigenskapar og kreativitet, som ein del av eit faglig kompetent miljø. April 2024 flytta vi inn i heilt nye lokaler på Flisnes. Her har vi samla alle tenestane våre under ett tak. Vi  tilbyr tenester både på døgnavlasting, barnebustad og aktivitetsavlasting. 

Vi ynskjer at søkjar har erfaring frå barn og unge. Det vil bli lagt vekt på personlige eigning som trygghet, stabilitet og gode holdninger.  

Det er behov f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33 i avlastingstenesten og bornebustadar.  

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter verksemda sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det er viktig for oss at du kan jobbe sammenhengende gjennom sommeren. Stillingsprosentane kan variere noko utifra kor mykje en kan jobbe. 

Arbeidsoppgåver

  • Miljøtilrettelegging
  • Aktivitetar
  • Pleie og omsorg
  • Medisinsk behandling og oppfølging
  • Daglege rutineoppgåver i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkar bør helst vere fylt 18 år.
  • Søkarar bør helst kunne jobbe minimum 5 veker samanhengande, hvorav i heile juli.
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) for framandspråklege kandidatar.
  • Ved tilbod om stilling blir det stilt krav om tilfredsstillande politi, tuberkulin- og MRSA attest.
  • Vi søkjer etter miljøterapeuter, helsefagarbeidarer eller pleiemedarbeidarar. Det er ikkje krav til spesifikk utdanning, men du må ha interesse for faget og det å kunne gi bistand og samhandle med personer med nedsatt funksjonsevne.
  • Søkjarane må ha sertifikat for personbil.
  • Vi oppfordrar også studentar om å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du må kunne samarbeide med både kollegaer og pårørande
  • Du har gode evner til etablering av gode relasjonar
  • Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for å arbeide med målgruppa.
  • Du må arbeide sjølvstendig, men likevel samhandle godt med dine kollegaer.
  • I nokre tilfeller vil du møte utfordringar der utagerande åtferd forekommer, der du må følgje rutinar og praksis.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstad i heilt nye lokaler på Flisnes
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 12 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 24 – 33 i 2025. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Stine Sørland, Avdelingsleiar, 901 82 360, stine.sorland@alesund.kommune.no
Karina Hanken Grønstad, Verksemdsleiar

Arbeidsstad

Brisingstubben
6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4892550882
Stillingsprosent: 75%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avlastingstenester, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted ÅLESUND (Adresse: Brisingstubben Postnr: 6013)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/04c6a7cf-61d2-45b4-8209-efc11508530d
IMPORTAPI