Ferievikarar 2025 – Bioingeniør/ bioingeniørstudentar – Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Bioingeniør(4 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikarar 2025 – Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane våre, og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har behov for ferievikarar frå og med veke 24 til og med veke 33
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Ferievikarar kan måtte rekne med å delta i avdelinga si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Bioingeniørstudent som er ferdig med 1. studieår kan også søkje
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Joar Ulstein, Seksjonsleiar, joar.ulstein@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4887380975
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Bioingeniør |
Sted | VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6103) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |