Job Description
Published 13-04-2025
Deadline: 16-05-2025
Ferievikar
Ulstein Verft har for tida høg aktivitet grunna mange kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og vi søkjer difor etter ferievikarar til lageret i vårt produksjonsområde. Vi er på utkik etter deg som har truckførarbevis T4 og kan tenke deg å bidra til ulike oppgåver ved lageret vårt.
For å kunne ta arbeid i vårt produksjonsområde må du vere fylt 18 år.
Søkjer du på stillinga, ber vi om at du i søknaden legg inn informasjon om periode du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
Du vil få moglegheit til å arbeide med ulike oppgåver, t.d. Lasting og lossing av varer, varemottak og registrering av varer, plassering og utplassering av varer i tillegg til pakking og forsending.
Kvalifikasjonar
- Truckførarbevis T4
- Språkkunnskapar i norsk og engelsk
Opplæring og reittleiing i arbeidsoppgåver du vert sett til vil bli gitt.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God HMS haldning og positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar og som ferievikar tek du del i interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit fagleg godt miljø. Du vil også bli ein del av Ulstein sine forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Rolf Heltne, Section Leader Internal Logistics, 91367451, rolf.heltne@ulstein.com
Anne Roppen, HR Advisor, anne.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS
Referansenr.: 4955769051
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 16.05.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ulstein Verft AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise. Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. |
Webside | http://www.ulstein.com |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Hjemmehjelper og personlig assistent |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 16-05-2025 |