Ferievikar sommaren 2025 – sjukepleiarstudent – Dialyse, Helse Førde
Health and social care Andre helseyrker(5 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 05-01-2025
Ferievikar sommaren 2025 – sjukepleiarstudent
Medisinsk avdeling, Dialyseposten treng sjukepleiarstudent i tidsrommet 23.06.2025 – 17.08.2025 (veke 26 – 33)
Arbeidstid mandag – fredag: kl. 08.00 – 15.30
Avdelinga utfører dialysebehandling til akutte og kroniske pasientar. Sommarvikar vil ha ein assistentfunksjon i det daglege arbeidet.
Ber om at følgjande blir opplyst i søknaden:
- Kva arbeidsperiode du kan jobbe
- Referanse
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Arbeidsoppgåver
- Assistere sjukepleiar ved dialysebehandling
- Ansvar for matservering, rydding, påfylling av varer o.l.
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiarstudent
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er god til å sjå kva som skal gjerast, tilbyr og mottar hjelp
- Du er fleksibel og engasjert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidet føregår i eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tone Randi Bjerke Hov, Seksjonsleiar, +47 57839064
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4888316560
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Dialyse, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |