Ferievikar på seniorsenter (miljøarbeidar og kjøkkenpersonale) – Førebygging og meistring, Ålesund kommune
Health and social care Andre helseyrker(1 day ago)
Job Description
Published 10-12-2024
Deadline: 22-04-2025
Ferievikar på seniorsenter (miljøarbeidar og kjøkkenpersonale)
Ålesund kommune har to seniorsenter: Klipra seniorsenter og Spjelkavik seniorsenter.
Seniorsentra er møteplassar for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Alle som kjem innom senteret skal bli møtt, sett og høyrt. Senteret har eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen innom og i tillegg eit tilbod om vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand. For meir informasjon sjå https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/dagtilbod-og-aktivitetar/seniorsenter-og-dagtilbod-for-eldre/. Begge sentra er opne alle kvardagar på dagtid.
Vi søker no etter ferievikarar som assistent/fagarbeidar ved begge seniorsentra, både i miljøet med brukarane av sentra og til drift av kafeen vår på Klipra.
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidar:
- Ivareta både dagbrukarar og besøkande på seniorsentra og sørge for at alle som er innom blir sett
- Målretta miljøarbeid og tilrettelegging overfor både enkeltbrukarar og gruppe
- Gi den einskilde naudsynt bistand i daglege aktivitetar
- Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar
Kjøkkenpersonale:
- Møte alle besøkande på ein inkluderande måte
- Smøre og servere både frukost og smørbrød til sal i kafeen
- Oppvarming og servering av middag
- Administrere sal i kafeen og ansvar for dagsoppgjer
- Andre praktiske oppgåver knytt til drift av kjøkken/kafe
Kvalifikasjonar
Vi søker deg:
- Som har muligheit til å arbeide sommaren 2025, helst minst 6 veker i miljøet, 4 veker på kjøkken
- Som gjerne har erfaring frå arbeid innan helse eller kafedrift
Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
1. Søkar må vere fylt 18 år.
2. Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
3. Søknadar registrerast på stillingsmappa (ref.nr) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
4. Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
5. Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
6. Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Personlege eigenskapar
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og å bidra til at dei får ein god dag.
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Eit godt arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 908 25 952, solveig.kiperberg.viddal@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Fjellgata 42
6003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4893454582
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 22.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Førebygging og meistring, Ålesund kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Fjellgata 42 Postnr: 6003) |
Stillingstype | Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 22-04-2025 |