Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Ferievikar i Miljøarbeidartenesta 2025

Hei, ynskjer du å arbeide i Gloppen Kommune i sommar? Har du erfaring frå arbeid innan helse, eller lurer du på om dette er noko for deg? Eller er du nyutdanna sjukepleier, vernepleier og kunne tenkt deg å prøve ut og arbeide i medleverturnus? 

Miljøarbeidertenesta yter tenester til menneske med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har 55 årsverk fordelt på åtte avdelingar, og yter tenester til menneske i alder 7 til 84 år- Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar tverrfagleg for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.

Avdeling 1: Furubu og Solsikka yter tenester til menneske med utviklingshemming og mennesker med psykiske lidingar. Solsikka er avlastning for barn og unge. Her er det tredelt turnus med dag, kveld og natt. På Furubu arbeider ein langvakter på 14 timar.

Avdeling 2: Myklebusttunet og Nordåsen yter tenester til mennesker med utviklingshemming og psykiske lidingar. Dei tilsette arbeider medlevarturnus, langvaktturnus eller to-delt turnus med dag/kveldsvakter.  Det er behov for ferievikar som vernepleier/sjukepleiar i medlevarturnus.

Avdeling 3: Åsateigen og Åsavegen yter tenester til mennesker med utviklingshemming. Her arbeider ein langvakter, og det er ledig stilling for vernepleier/sjukepleier i medlevarturnus.

Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet.

Søknadane vert handsama fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Vi avviklar hovudferien i veke 26 – 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar/fagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse.
  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Samarbeid med pårørande
  • Praktisk bistand
  • Utlevering av legemiddel

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer hovudsakleg etter arbeidstakarar over 18 år eller som fyller 18 år i 2025.
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar

  • Du tek ansvar og arbeider sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du tek i mot rettleiing
  • Du er nøyaktig og motivert

Vi tilbyr

  • Informasjonsmøte for alle ferievikarar før oppstart, og ei opplæringspakke som sikrer at du har dei kursa du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine. Du vil også få opplæring på arbeidsstaden du er tilsett.
  • Moglegheit for å vere tilkallingsvikar vidare
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Steffen Andersen, Avdelingsleiar Furubu og Solsikka, 909 69 721
Kristine Eide Ryssdal, Avdelingsleiar Myklebusttunet, Nordåsen og Bustad, 911 39 159
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4895328134
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse- og velferd, Gloppen kommune orgnr: 927075334
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ec5a7aed-2312-4ba6-8adf-4d8078f721c4
IMPORTAPI