Ferievikar for Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt – Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(22 hours ago)
Job Description
Published 10-12-2024
Deadline: 22-04-2025
Ferievikar for Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt
Har du lyst å arbeide med noko meiningsfylt i sommar? Vi har behov for flinke ferievikarar.
Har du inga erfaring frå slikt arbeid, så kan vi gje deg god opplæring! Vi arrangerer egne fagdager som innføring til arbeidet. Dette er i tillegg til opplæring saman med dyktige medarbeidarar.
Det er givande å arbeide innan helse og ein vil sitte igjen med mange gode erfaringer i etterkant.
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt er ein del av Ålesund kommune. Vi har ansvar for tenester i heimetenesta og to sjukeheimar hhv. Skodje og Ørskog.
- Skodje heimeteneste består av heimebuande i distriktet Skodje. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader.
- Ørskog heimeteneste består av heimebuande i distriktet Ørskog. Inkluderer omsorgsbustader og heimehjelp/vask av bustader, samt dagsenter for Skodje og Ørskog.
- Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar.
- Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar.
Vi treng både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Studentar innanfor helse- omsorgsfag må gjerne søke.
Det er viktig at du presiserer kvar du ønsker å arbeide i søknadsteksten, samt når du ev. ikkje har anledning å arbeide/ønsker fri. Primært blir det forventa at ein arbeider mesteparten av ferieperioden (veke 26-33).
Arbeidsoppgåver
- Spennande og meiningsfylt arbeid innan våre verksemder for sjukeheim, i heimetenestene, dagtilbod og andre av tenestene våre innanfor helse- og omsorg.
- Varierte oppgåver i ein innhaldsrik arbeidskvardag i eit direkte møte med menneske.
Kvalifikasjonar
Når du søkjer stilling hos oss, gjeld følgande:
- Søkar bør vere fylt 18 år, men personar i alderen 16-17 år kan søkje.
- Søkarar bør kunne jobbe i heile juli.
- Ein bør ha førarkort for personbil med manuelt gir ved arbeid i heimeteneste.
- Politiattest
- Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
- Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
- Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
- Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Personlege eigenskapar
- Arbeidsvillig
- Engasjert
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Interesse for å arbeide i eldreomsorga
- Ein medarbeidar som kan stille seg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
Vi tilbyr
- Løn og andre betingelsar etter avtale.
- Studentar med helse- og sosialfagleg utdanning som har avslutta 4. semester blir tilsett som assistent men løna som fagarbeidar.
- Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 12 000,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 25 – 34 i 2025. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.
Kontaktinformasjon
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Marianne Brandal, Avdelingsleiar Skodje omsorgssenter, 979 64 489, marianne.brandal@alesund.kommune.no
Mariann Ødegård, Avdelingsleiar Skodje heimeteneste, 970 62 140, mariann.odegard@alesund.kommune.no
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar Ørskog heimteneste, 970 62 140, mariann.odegard@alesund.kommune.no
Sissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar Ørskog omsorgssenter , 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ådalsbakken
6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4892077768
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 22.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet». Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ. |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 23-06-2025 |
Søknadsfrist | 22-04-2025 |