Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Ferievikar bioingeniør / bioingeniørstudent

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank, Nordfjord sjukehus har ledig ferievikariat i perioden 02.06.2025-17.08.2025. 

Høver for 1.-3. års studentar, evtuelt andre helsefagutdanningar.

Ber om at det i søknaden blir opplyst kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu.

Sjå denne linken: Hjartestad – musikkvideo med artistar frå Nordfjord

Her er eit godt fritids- og kulturtilbod og i veke 29/2025 vert Malakoff musikkfestival arrangert på Nordfjordeid:  Malakoff musikkfestival

Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Analysearbeid

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør, 1-3. års bioingeniørstudent, evt andre helsefagutdanningar
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar

Personlege eigenskapar

  • Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
  • Du må vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Ragna Orheim Rafshol, Seksjonsleiar LMBB – NSH, +47 57864024

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4892318585
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver LMBB, seksjon NSH, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Sjukehusvegen 14 Postnr: 6770)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-06-2025
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2061e19e-feb0-4bbf-835f-a0aa0eb3569d
IMPORTAPI