Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Ferievikar 2025 – Vikar for LIS / medisinstudent med lisens

Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinsk seksjon og kirurgisk seksjon har behov for vikarar for LIS og  medisinstudent med lisens i i perioden veke 25 – 33.

Informasjon til søkjaren:
Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sine behov, men i søknaden kan du gi til kjenne kva seksjon du helst prioriterer. Dersom du har jobba for oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Du må pårekne arbeid annankvar helg, og du kan rekne med ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling og vanleg vaktteneste på sengepost, intensiv og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege eller medisinstudent med lisens
  • Gode norskkunnskapar – munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement og arbeidsglede
  • Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
  • God kompetanse, samarbeidsevner og positive haldningar vert lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå  her og her.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her 

Kontaktinformasjon

Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, Kirurgisk seksjon, therese.karina.saunes@helse-mr.no
Øystein Lexerød Hovlid, Overlege gastroenterologi, oystein.lexerod.hovlid@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4887362724
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6103)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d6286f0e-b7b0-4039-8b25-42ea263ba36f
IMPORTAPI