Job Description

Published 13-01-2025
Deadline: 31-01-2025

Ferievikar 2025 – Vikar for Lege i spesialisering

Vil du bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane og deira pårørande. Vi ynskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.


Kirurgisk seksjon har behov for vikarar for LIS2 i perioden veke 25 – 35


Informasjon til søkjaren:
Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Du må pårekne arbeid annankvar helg, og du kan rekne med ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV-en.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientbehandling og vanleg vaktteneste på sengepost, intensiv og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som lege
  • Fullført LIS1 ved tiltredelse
  • Gode norskkunnskapar – munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement og arbeidsglede
  • Du medverkar til å gi eit godt tilbod til pasientane du møter
  • God kompetanse, samarbeidsevner og poitive haldningar vert lagt vekt på 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå  her og her.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er god infrastruktur og korte avstandar på Søre Sunnmøre og til delar av Nordfjord. Bu- og arbeidsmarknadsregionen utgjer omlag 65 000 innbyggjarar. Ørsta/Volda lufthamn har fleire daglege samband til Bergen og Oslo. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Therese Karina Saunes, Seksjonsleiar, +47 93066118, Therese.Karina.Saunes@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4903394187
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6103)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/87da62b8-8229-4b2d-b378-55f9cccb09ec
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31