Ferievikar 2025 – Vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, studentar m.m. – Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Nurse(3 weeks ago)
Job Description
Published 19-12-2024
Deadline: 31-01-2025
Ferievikar 2025 – Vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, studentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren?
Vi i rusbehandling TSB langtids døgn Molde treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2025.
Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og studentar innan psykologi for helse- og sosialfag. Det er vakter i turnus både på dag, kveld og natt.
Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 – 34.
Seksjonen vår er ein døgnseksjon i Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Legemiddelhandtering
- Miljøterapi
- Gruppeterapi
- Treningsterapi
- Rettleie og støtte pasientane i behandlinga
- Delta på ulike aktivitetar saman med pasientane
- Samhandle tverrfagleg for å finne dei beste løysingane
- Forefallande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Må beherske norsk språk skriftleg og munnleg
- Må kunne jobbe sjølvstendig
- Strukturert og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Gode evner til etablering av relasjonar med pasientane
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.no
Arbeidssted
Glomstuvegen
Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4898865712
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ferievikarer SNR, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974577194 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-midt.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | MOLDE (Adresse: Glomstuvegen Postnr: 6411) |
Stillingstype | Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |