Job Description

Published 23-10-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Ferievikar 2025 – Prestahagen

Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens og heimebuande eldre med døgnkontinuerleg drift. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysioterapeutar/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Om stillinga

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til Prestahagen i Sogndal.

Arbeidsperioden vil vere i tida 23.06.2025 – 17.08.2025.Du må jobbe minimum 3 veke, og med moglegheit for å være tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden om vor mange veke utover dei 3 vekene du kan jobbe i sommar., Søkarar som kan jobbe store delar av sommaren vert prioritert.

Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje. Positivt med lokal ungdom, helsefagelevar og vernepleie/sjukepleie studentar. Me treng vikarar fast til annakvar eller tredje kvar helg frå 3 mars 2025. Det er mogleg å få opplæring frå når søknadsfristen går ut.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i omsorgsbustad
  • Legge til rette for miljøtiltak
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

 

Kvalifikasjonar:

  • ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

      Fylle 16 år i løpet av 2025

 

Personlege eigenskapar:

  • evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
  • oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
  • Imøtekommande

 

Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
– Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
– Politiattest av ny dato.

 

Me tilbyr:

  • Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
  • Løn etter tariff jf. HTA.
  • Tilrettelagt turnus

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Ta kontakt med Ann Eline Fretland om du treng hjelp med søknaden.

Tlf: 94808587

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter orgnr: 974554356
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/428764d9-556a-4bed-8eee-3a4c1bdbbe23
IMPORTAPI