Job Description

Published 16-12-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Ferievikar 2025 – Medisinstudent med lisens/Vikar for LIS1

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Ungdomspsykiatrisk sengepost i Ålesund har behov for medisinstudent med lisens/vikar for LIS1 i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m. veke 33.

Sengeposten har 10 sengeplassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal fylke.

Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Avdelinga vår behandlar pasientar med ulike diagnoser, og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling.

Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir skanna inn som vedlegg til søknad/CV

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, cand.med eller medisinstudent med lisens
  • Må meistre norsk språk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Beate Olsbø Nilsen, Seksjonsleiar, beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Ålesund sjukehus
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4897663932
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted ÅLESUND (Adresse: Ålesund sjukehus Postnr: 6017)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5c56921f-2c6a-482f-a9e3-caaae0203f1a
IMPORTAPI