Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Ferievikar 2024 – Sjukepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2024. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar og studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi og sosionom. Det er behov i perioden f.o.m. veke 22 t.o.m. veke 35.

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Avdelingsnamna kan endrast ved tilsetting grunna pågåande overflytting til SNR Hjelset, som enno ikkje er fullført. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region,  sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Marit Mork Stenløs, Seksjonsleiar, marit.mork.stenlos@helse-mr.no

Arbeidsstad

Parkvegen 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4886008966
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ferievikar Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 993521248
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted MOLDE (Adresse: Parkvegen 84 Postnr: 6412)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f07c023d-650a-4f6d-96ca-3a90a61d78d9
IMPORTAPI