Fengselsinspektørar – Agder fengsel, Evje Ungdomseining – Agder fengsel
Security and readiness Politi, fengsel og toll(4 days ago)
Job Description
Published 02-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Fengselsinspektørar – Agder fengsel, Evje Ungdomseining
Om stillinga
Agder fengsel, Evje avdeling skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga er ei avdeling med høg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal være i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn – høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn – høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje avdeling (11 plassar for mindreårige 15-18 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Truleg ca 70 av desse på Evje.
Vi etablerer eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og god rehabilitering.
Vi har behov for å utvide leiinga ved Evje avdeling, for å handtere personell og for å bistå med etablering av det nye soningstilbodet for mindreårige.
Det skal tilsetjast 3 inspektørar, som saman med stadleg leiar og sikkerheitsinspektør har dei viktige eigenskapane for at Agder fengsel skal lykkast med oppdraget.
Ein fengselsinspektør ved Evje avdeling skal leie både turnuspersonell og dagpersonell i ulike funksjonar. Vidare bistå i planlegginga og organiseringa av arbeidet innanfor tildelt arbeidsområde, og å bidra til at leiargruppa samla klarer å levere på oppdraget. Det er derfor viktig med stor fleksiblitet i innstilling og utføring av oppgåvene.
Til stillinga ligg vegleiingsansvar for eininga si basisbemanning. Denne skal ha stort fokus på tryggleik i det daglege, og skal ha høgt miljøterapeutisk fokus. Inspektørane vil ha viktige roller i å sørge for at arbeidet og soninga blir opplevd å være trygt og sikkert. Mykje av arbeidet vil foregå ute på avdelinga saman med innsette og tilsette.
Avdelinga skal ha stort fokus på dynamisk sikkerheit, som blant anna innebærer relasjonsbygging med dei innsette, god relasjonsbygging mellom innsette og gjennom det bidra til eit soningsklima med så lite utagering og konflikt som mogleg. Avdelinga skal ha fokus på god rehabilitering for barn, og det krevst god fagforståing knytt til dette.
Det blir krevd fengselsbetjentutdanning for minst ei av stillingane, gjerne kombinert med annan utdanning og relevant leiarerfaring.
Arbeidsoppgåver
- leie eit arbeidsteam i turnus (basisbemanninga) beståande av fengselsutdanna personell, personell med annan kompetanse (sosial, helse, pedagogikk), og eventuelt dagtidspersonell
- sørge for fagleg og personalmessig utvikling, gode rutinar og følgje opp og kvalitetssikre arbeidet
- personalansvar for basisbemanninga. Felles ansvar for turnusane i avdelinga og bruk av personell
- bidra til måloppnåing gjennom god vegleiing, styring av tilsette og fysisk tilstedeværelse i fellesskapet
- vegleie tilsette knytt til dynanisk sikkerheit, miljøterapeutisk arbeid og fengselsfagleg arbeid
- noko ansvar for sakshandsaming etter Straffegjennomføringslova §10a
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- relevant høgskuleutdanning som bachelor, feks innan sosialt arbeid, barnevern, vernepleie, pedagogikk – eller bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- relevant erfaring frå fengsel, friomsorg, barnevern, helsesektor eller sosialt arbeid
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god språkleg forståing
- god fysisk form
- førarkort klasse B
- stor fagleg interesse i fagfeltet
Det er ønskjeleg at du har
- formell vegleiingskompetanse
- erfaring frå arbeid med barn og unge
- relevant leiarerfaring gjerne frå kriminalomsorga
- stor interesse for leiarfaget
- erfaring fra personal- og sjukefråværsoppfølging
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- resultatorientert
- stor interesse for fagfeltet
- høg omstillingskompetanse
- i tråd med etatens verdiar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- tilgang på gode treningsfasilitetar (treningsrom)
- pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter)
- gratis parkering
- stillingane blir avlønna som fengselsinspektør 0266 avhengig av utdanning og erfaring / kvalifikasjonar. Avlønning er sett til kr 635 400 – 667 700 ut frå erfaring og kompetanse. Ved spesielt kvalifisert personell kan høgare avlønning vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Agder fengsel orgnr: 923537724 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
|
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | EVJE (Adresse: Sanitetsstien 7 Postnr: 4735) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |