Job Description
Published 09-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Fengselsbetjent
Om stillinga
Vik fengsel har fleire ledige faste stillingar, som fengselsbetjent i avdeling. Me har pr. idag ledige stillingar på lukka avdeling , i 3 skiftsturnus (2- skift på helg) inneholdande ein del nattarbeid.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar. Stillinga innebær kontaktbetjentarbeid, og alle er rollemodeller og veiledere for de innsatte. En viktig del av tjenesten er å delta i målrettet progresjonsarbeid med innsatte.
Arbeidsoppgåver
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
-
vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- plettfri vandel
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
-
tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- stillingane blir løna som (0264) fengselsbetjent fra 443.000 – 557 100. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsfyrstebetjent på tenestekontor Stig Rune Grønsberg på tlf 57696585.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vik fengsel orgnr: 974736942 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen. Vik fengsel ligg i Vik kommune, og er eit fengsel med med Lukka avdeling og åpen avdeling. Fengselet vart bygd i 1864, og fekk ei ny celleavdeling i 2007. Fengselet har ordinær kapasitet på 39 plassar. Av dei er 28 plassar med høg tryggleik og 11 plassar med lågare tryggleik. Fengselet som ligg mellom fjord og fjell i eit vakkert naturlandskap har omlag 50 tilsette. Tilleggsinformasjon Kontaktperson: Stig Rune Grønsberg, Fyrstebetjent tenesteoppsett Telefon: 57696585/ 91544023 | E-post: stig.rune.gronsberg@kriminalomsorg.no Arbeidsstad: Røysavegen 6893 Vik i Sogn (Vik Kommune) |
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | VIK I SOGN (Adresse: Røysavegen Postnr: 6893) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |