Fengselsbetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest. – Bjørgvin fengsel
Security and readiness Politi, fengsel og toll(2 days ago)
Job Description
Published 06-01-2025
Deadline: 06-02-2025
Fengselsbetjent Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest.
Om stillinga
Bjørgvin fengsel Ungdomseining vest søkjar 2 fengselsbetjentar til fast stilling snarast.
Stillinga inneber turnusarbeid.
Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og sakshandsaming. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering. I tillegg skal fengselbetjenten vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Kriminalomsorgen region vest har etablert eit sonings- og varetektstilbod til born under 18 år i Bjørgvin fengsel. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tar sikte på eit intensivt endringsarbeid, slik at mest mogleg av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel.
Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere eit nasjonalt prosjekt, inkluderer innsettgruppa ungdommar frå heile landet. Det må difor påreknast noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- daglege oppgåver i forhold til unge innsette
- strukturet endringsarbeid etter miljøterapeutiske prinsipper
- andre rutinemessige oppgåver
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling
- motivera dei innsette
- Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system og verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B
Det er ønskeleg at du
- bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
- er fleksibel, tåler uføreseielegheit og evner å prioritere i stressande situasjonar
- det er ein fordel med erfaring frå arbeid med born og unge
- interesse og engasjement vert også vektlagt
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape relasjonar til innsette
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid ovanfor unge innsette
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- har god evne til tverrfagleg samhandling
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- har evne til å ta ansvar og ta avgjerder, også i krevande situasjonar
- evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom utanfor fengselet
- evne til å vere uthaldande i periodar med ustabilitet i avdelinga
- er mål- og resultatorientert
- personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- gode treningsmuligheter
- ladepunkt for el-bil parkering
- stillinga blir løna som fengselsbetjent 0264 med årslønn pålydande, kr 443 000 – 557 100 pr år. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekke søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Inspektør Ungdomseininga Arne Hægland tlf: 55251284 eller Rådgjevar HR Linda Solberg tlf: 55251296
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bjørgvin fengsel orgnr: 890286712 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon. Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
|
Webside | |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BREISTEIN (Adresse: Olav Bjordalsvei 63 Postnr: 5111) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-02-2025 |