Fastlegeheimel ved Leikanger legekontor – Sogndal kommune Sogndal legesenter

Health and social care Doctor

(15 hours ago)

  • LEIKANGER
  •  Post Date: 18. December 2024
  •  Expire date: 19. January 2025
Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Fastlegeheimel ved Leikanger legekontor

Det er ledig fastlegeheimel ved Leikanger legekontor i Sogndal kommune frå 1. mars 2025.

 

Leikanger legekontor

har 3 fastlegar, 1 spesialist og 2 i spesialisering, samt 1 LIS1. God bemanning av hjelpepersonell med erfarne sjukepleiarar. Svært godt fagleg og sosialt miljø.

 

Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning.

Kommunen eig og driv legesentera. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med forsterka 8-2-avtale. Evt. fastlønnsavtale.

Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. Kommunal bistilling inntil 20%.

 

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar:

  • Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg.
  • Gode evner til kommunikasjon og samhandling.
  • Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Høg arbeidskapasitet.

 

Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar.

 

Sogndal kommune

Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen.

Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet.

Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Sogndal legesenter orgnr: 973974009
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted LEIKANGER (Adresse: Riverdalen 5 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5b3f4142-eea3-47d5-9601-a60d7aafb114
IMPORTAPI