Fastlege ved Selje legekontor – Helse, Stad kommune

Health and social care Medical Secretary

(1 week ago)

  • SELJE
  •  Post Date: 25. June 2024
  •  Expire date: 22. August 2024
Job Description

Published 25-06-2024
Deadline: 22-08-2024

 

Fastlege ved Selje legekontor

Ledig fastlegeheimel frå 01.12.2024 i vakre Selje – lengst vest i landet.

Kommunen har to legekontor og tolv fastlegeheimlar samt ei stilling for Lis1. Begge kontora er drifta av kommunen og det er ikkje knytt kostnadar til oppstart i heimelen (goodwill). 

Selje legekontor har eit godt fagmiljø med to andre fastlegar og helsepersonell i resepsjon/laboratorium. Eit triveleg arbeidsmiljø i nybygd helsehus med funksjonelle lokalar. Alderssamansettinga er mellom 30 til 50 år og listestorleik på fastlegelistene ligger mellom 800 – 900. ALIS-legane våre har 700 pasientar på sine lister. 
Legekontoret er godt utstyrt med mellom anna spirometri, EKG, 24-t BT, akuttrom/sårskifterom. Fastlegane har gruppepraksis og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle har forsterka 8.2 avtale, dvs at kommunen held lokale, utstyr og hjelpepersonell i byte mot basistilskotet. Legane er gjennom avtalen sikra økonomisk kompensasjon inntil 16 dagar ved fråvær grunna eigen, eller barns sjukdom og inntil 10 kurs dagar per år. 

Den kommunale daglegevakta frå kl 08:00 – 16:00 måndag til fredag fordelast mellom dei 3 legane ved kontoret. Legevakt på kveld, natt og helg er ved interkommunal legevakt lokalisert på Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga her er omlag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunallegevakt og legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar. Samlokalisert med legevakta er 5 kommunale ØHD sengeplassar. 

Kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Legekontoret nyttar Infodoc EPJ og Melin betalingssentral

Det er tilsett 3 årsverk som helsepersonell inkludert avdelingsleiar. Helsepersonell har brei erfaring og kompetanse som sjukepleiarar og helsesekretær. 

På Nordfjordeid ligg sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, samt døgntilbod på distriktspsykiatrisk senter og ruspost. Sjukehuset har tilbod om institusjonsteneste til ALIS-legar etter ny utdanningsmodell. 

Fastlegar har dei seinare åra fått fleire oppgåver og det har vore behov for å auke tal fastlegeheimlar, samt redusere listelengdene. Desse endringane har også ført til auka behov for støttetenester i resepsjon og laboratorium. Stad kommune har i samarbeid med legane våre jobba målretta for å få ned arbeidsbelastninga og gje fastlegane ein betre arbeidskvardag og vi ønskjer akkurat DEG med på laget vårt. 

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er tredelt og omfattar kurativt arbeid, legevaktarbeid og offentlege arbeidsoppgåver
  • Fastlegeheimelen har ei listelengd på 800 pasientar og ei kommunal deltidsstilling som tilsynslege ved sjukeheimen
  • Kommunen er vertskommune for interkommunal legevakt
  • 3-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 20-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt (om lag 22 000 innbyggjarar)

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
  • Du må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kunnskapar i norsk – både munnleg og skriftleg
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne

Vi tilbyr

  • Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap
  • God allmennmedisinsk rettleiing
  • Gode økonomiske vilkår
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle om du vil flytte til kommunen vår

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Stad kommune har 6 månadar prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 416 94 203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Thomas Vingen Vedeld, Kommuneoverlege, 97 00 44 92, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no

Arbeidsstad

 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4828935165
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 22.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse, Stad kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsesekretær
Sted SELJE (Adresse: Postnr: 6740)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 22-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c2ff5304-cad2-4664-b64f-79ed1fa55cf6
IMPORTAPI