Fastlegar – Høyanger kommune Legetenesta

Health and social care Doctor

(2 weeks ago)

  • HØYANGER
  •  Post Date: 6. January 2025
  •  Expire date: 29. January 2025
Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 29-01-2025

 

Fastlegar

Høyanger legeteneste søkjer etter erfarne allmennpraktikarar, anten ferdig spesialist eller har påbegynt/ønskje om å starte på spesialistforløpet i ALIS-stilling.  

Legekontoret ligg i Høyanger tettstad. Høyanger er omringa av flott natur der det er moglegheiter for flotte naturopplevingar i fjord og fjell, samt eit rikt tilbod innan idrett og kultur. Legetenesta har òg to ute-kontor i Lavik og på Søreide med lege og sjukepleiar tre dagar per veke.

Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med eit godt arbeidsmiljø. Ein jobbar etter ein triagemodell og er i eit utviklingsarbeid kring oppgåvedeling i kollegiet. Kontoret har eit velutstyrt laboratorium med stor analysepark, 24-bt, spirometri, EKG, audiometri og tonometri.

Ein legg stor vekt på kvalitetssikring og fagleg utvikling. Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin gjev tilbod om ALIS-rettleiing og supervisjon. Legetenesta deltek i interkommunal legevakt med to legar på vakt og sjukepleiarar. Vi tilbyr ein allsidig praksis med faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver.

Tilknytingsform kan drøftast: Kommunal tilsetjing eller individuell avtale med kommunal deltidsstilling (inntil 20%). Vi er opne for arbeidstid med «nordsjøturnus», men ei slik ordning føreset listesamarbeid mellom fleire legar.

Arbeidsoppgåver:

  • Allmennlegeoppgåver som fastlege, samt  fordeling av allmennlegeoppgåver i kommunen inntil 7,5 timar per veke. Fordeling av kommunale oppgåver vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde.
  • Drift av legetenesta i lag med dei andre legane.
  • Rammene til legane gjev høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
  • Kommunen inngår i det interkommunale legevaktsamarbeidet, SYS IKL, på ettermiddag/kveld/natt, helg og høgtider med vakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom legane.

 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering i allmennmedisin. Legesenterert er godkjent som utdanningsbedrift og gir rettleiing frå spesialist i allmennmedisin
  • Gode kommunikasjonsevne i eitt av dei skandinaviske språka, både skriftleg og munnleg.
  • Allmennmedisinsk praksis og erfaring frå fastlegepraksis er ein fordel.
  • Førarkort klasse B

 

  Personlege eigenskapar:

  • Personleg eigenskap vert vektlagt
  • Det krevst stor læringsvilje og evne til å tileigne seg kliniske ferdigheiter
  • Stor grad av fleksibilitet, ansvarsbevisst og engasjert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta, både sjølvstendig og i fellesskap

 

 Vi kan tilby:

  • 8.2- avtale (kommunen stiller med kontor, utstyr, hjelpepersonell mv. Kurativt arbeid etter denne avtalen er sjølvstendig næringsverksemd).
  • For kommunal tilsetting konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP.
  • Lokale, hjelpepersonell, inventar og utstyr m.m. Leiga for individuell fastlegeavtale er f.t. lik basisgodtgjersla.
  • Rettleiing og supervisjon
  • Familievenleg arbeidsplass med moglegheit for fleksibel arbeidstid
  • Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Nye tidsmessige kontorlokale
  • Moderne IKT utstyr. Vi nyttar journalsystemet InfoDoc
  • Det blir tilrettelagt for deltaking på obligatoriske kurs i samband med spesialistutdanning, samt deltaking i kollegarettleiingsgruppe
  • Kommunal bustad

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høyanger kommune Legetenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Legetenesta i Høyanger har 6 kommunelegar og ein turnuslege som held til i Høyanger helsesenter som er lokalisert midt i Høyanger tettstad. Legetenesta har også utekontor i Bjordal og Lavik. Kontoret har helsesekretærar, sjukepleiarar og laboratorium med bioingeniør. Vi har moderne IKT-system og eit godt arbeidsmiljø.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted HØYANGER (Adresse: Storgata Postnr: 6993)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f0ea0a3d-f27d-4d70-a666-b0f030aae98d
IMPORTAPI