Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Faste stillingar og vikariat ledig ved Sulatunet, langtidsavdelinga

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod ved Sulatunet til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering.
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. 
Avdelinga skal endre fokus i retning av aktivitet og forebygging av inaktivitet.
Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar

Vi har ledig:
Langtidsavdelinga:
1 x 100% vikariat som hjelpepleiar ledig frå 01.02.2025 i 1 år
1 x 80% fast stilling som hjelpepleiar ledig frå 01.11.2024
1 x 50% fast stilling som hjelpepleiar ledig frå 01.11.2024
1 x 29,9% fast stilling på helg som hjelpepleiar på natt ledig frå 01.11.2024 (studentar kan også søke og få tidsavgrensa tilsetting)

1 x 100% fast stilling som sjukepleiar ledig frå 01.11.2024
1 x 80% fast stilling som sjukepleiar ledig frå 01.11.2024

Arbeidsoppgåver

  • Grunnleggande sjukepleiaroppgåver som praktisk hjelp, medisinering, palliasjon, aktivitetar, årskontrollar
  • Tverrfagleg behandling saman med andre relevante faggrupper
  • Samarbeid og involvering av bebuar og familie 

Kvalifikasjonar

  • Til hjelpepleiarstillingane søkjer vi etter ein autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Til sjukepleiarstillingane søkjer vi etter ein autorisert sjukepleiar/vernepleiar
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med eldre mennesker
  • Krav om politiattest for stillingane
  • Oppgi referansar

Personlege eigenskapar

  • Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
  • Gode faglege kunnskapar
  • Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
  • Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.

Vi tilbyr

  • Et positivt og engasjert fagmiljø
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
  • Forbedring av bemanningsplanlegging med planer om langvakter på helg
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
  • Stipendordning for sjukepleiararstudentar
  • Lokalt tillegg for helsepersonell (6500,- + 5000,-) for 3.årig høgare utdanning
  • Tillegg for vidareutdanning
  • Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning
  • Rekrutteringstillegg
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Bente Mariann Strømmen, Avdelingsleiar, 90153607, Bente.Mariann.Strommen@sula.kommune.no
Grethe Juul Molvær, Einingsleiar, 95710256, Grethe.Juul.Molvaer@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 23
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 4877209215
Stillingsprosent: 100, 80, 50, 29,9%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 11.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sulatunet, Sula kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside https://www.sula.kommune.no/
Bransje Håndverkere
Yrke Vaktmester
Sted LANGEVÅG (Adresse: Stadsnesvegen 23 Postnr: 6030)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8810888a-ef38-4ebf-857f-c2376bb07cd8
IMPORTAPI