Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 08-11-2024

 

Faste helgestillinger KOR

Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har fleire ledige faste helgestillinger. Stillingane er på 17,60 %, langvakt lørdag og søndag (08.00 – 20:30) med arbeid kvar 4 helg. Det er ønskelig med oppstart i frå 01.01.2025

KOR er ein spanande avdeling som har per i dag 7 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. I frå 2025 skal me aukast opp i frå 12 plasser til 16 plasser, auke i 4 korttidsplasser. Eit av romma er øyremerka palliasjon.

Pasientane kjem til avdelinga anten frå sjukehus eller heimen, og er inne på kortare eller lengre opphald. Opphalda på KOR kan variere mellom eit kartleggingsopphold, planlagde rehabiliteringsopphold i heimen, rehabilitering etter sjukehusopphald, avlastning, korttids-opphald eller palliativ behandling. 
KOR er ein aktiv avdeling med høg faglig kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har tverrfaglig samarbeid med lege, heimeteneste, tenestekontor, samt ergo- fysioterapitenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil arbeida med fagleg dyktige kollegaer, der arbeidet omfattar å gi god individretta pleie og behandling tilpassa den enkelte pasient. 
  • Aktiv rehabilitering
  • Dokumentasjon i journalsystem
  • Rutine arbeid på avdelinga (kjøkken, skylleromsarbeid etc.). 

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg at du har eller er under helsefagleg utdanning (helsefag, sjukepleiar, vernepleier etc.). 
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid. 
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå. 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: 

  • Du er sjølvstendig
  • Du er engasjert og fleksibel
  • Du er løysningsorientert
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er ein god lagspelar og kollega som bidrar til å bevare eit godt arbeidsmiljø.

    Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Eit levande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte medarbeidarar.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4 Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.

Kontaktinformasjon

Isabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar , 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4875369925
Stillingsprosent: 17,6%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 05.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Korttid/rehabilitering, Bømlo kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon

I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring

Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Webside http://www.bomlo.kommune.no/
Bransje Industri og produksjon
Yrke Matproduksjon og næringsmiddelarbeid
Sted BREMNES (Adresse: Leirdalen 25 Postnr: 5430)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 08-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/42cd3ce9-89c8-451d-9018-8c98c8e0909c
IMPORTAPI